Lotterinemnda er ei uavhengig klagenemnd oppnemnd av Kulturdepartementet. Alle vedtak etter lotterilova fatta av Lotteritilsynet i første instans, kan klagast inn for Lotterinemnda. Det same gjeld vedtak som Lotteri- og stiftelsestilsynet fattar etter ‘Forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner.’

Lotterinemnda har tre faste medlemmer, med personlege varamedlemmer. For perioden 01.01.2017 til 31.12.2020 er nemnda samansett slik:

  • Leiar: Elisabeth Wittemann, personleg vara: Audgunn Syse
  • Medlem: Åse Gustavsen, personleg vara: Bård Eikeset
  • Medlem: Ingjald Sørhøy, personleg vara: Erling Sivertsen

Sekretariatet for nemnda sitt i Bergen. Lotterinemnda har møte omlag ein gong i månaden og sakshandsaminga er skriftleg. Handsaminga i Lotterinemnda følgjer forvaltningslova og saksdokumenta er offentlege etter reglane i offentleglova.

For meir info : www.klagesaker.no

Ansvarleg for Lotterinemnda i Klagenemndssekretariatet er Elin Økland. Ho kan kontaktes på: 55 19 30 00. Pressen kan kontakte Lotterinemndas leiar.