Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement er godt i gong med saksbehandlinga

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement vart oppretta frå 1. desember 2020, og har så langt motteke 74 klagesaker frå Kulturrådet.

Nemnda har allereie kome godt i gong med saksbehandlinga og heldt sitt fyrste møte den 18. januar 2021 med seks klagesaker til behandling. Sakene som var oppe til behandling gjaldt søknadar om kompensasjon i forbindelse med avlysing, stenging eller utsetting av kulturarrangement som følgje av covid-19-utbrotet i perioden mai til august 2020. Av desse sakene vart ein av klagane teke til følgje, medan Kulturrådet sine avslag vart opprettheldt i dei resterande fem.

Det sentrale spørsmålet i fleire av sakene var om arrangementet som det var søkt kompensasjon for var å rekne som eit «kulturarrangement». Klagenemnda slo fast at vilkåret stiller krav om at arrangementet som eit minimum må innehalde ei form for kunstnarisk eller kulturelt innhald. Det vart også lagt vekt på at kompensasjonsordninga særleg tek sikte på ein etablert og snevrare del av kulturlivet.

I nemnda sitt andre møte heldt den 25. januar 2021, vart det behandla seks nye saker. Denne gongen omhandla sakene ordninga for midlertidig tilskot til kulturarrangement i perioden 1. oktober til 31. desember 2020. Av desse vart fem av avslaga frå Kulturrådet opprettheldt og ein klage teke til følgje.

Alle avgjerslene finn du her

Pexels/Pixabay