Produktivt år for nemnda

Den mellombelse Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement har per 21. desember 2021 avgjort heile 231 klagesaker. Medlemmene av nemnda er også nemnde opp på nytt for eitt nytt år, og med den siste utviklinga i tiltak og restriksjonar synest det klart at nemnda vil behandle saker gjennom store delar av 2022.

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement behandlar klager over vedtak frå Kulturrådet etter kompensasjonsordninga og stimuleringsordninga for kultursektoren. Så langt i år har nemnda fått 344 klagesaker frå Kulturrådet. Grunna den store saksmengda har nemnda hatt nemndmøte kvar veke gjennom store delar av året. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida er per i dag 60 dagar rekna frå tidspunktet då Kulturrådet sender saka til nemnda. Nemnda var opphavleg nemnd opp for eitt år og skulle vore avvikla 1. desember 2021. Allereie tidleg i haust blei det klart at det ville vere aktuelt å behandle klager utover i 2022, og nemnda er derfor nemnd opp på nytt ut 2022.

Som følgje av at både stimuleringsordninga og kompensasjonsordninga er heilt nye regelverk, og at dei har blitt endra for dei ulike periodane, har nemnda måtta ta stilling til fleire krevjande problemstillingar. Særleg spørsmålet om kva for arrangement og kva for aktørar som kan få støtte, har vist seg å vere utfordrande. Nemnda har teke stilling til spørsmål knytt til om eit breitt spekter av arrangement og aktørar fell inn under kompensasjonsordninga for kultursektoren. Fleire ulike typar festivalar og messer som er knytte til mat, drikke, idrett eller anna, ulike deltakaraktivitetar og konsertar og arrangement som er knytte til idrettsarrangement og religiøse samlingar m.m., har vore oppe til vurdering. Også utrekninga av støtte, her særleg om resultata frå tidlegare år skal vektleggjast eller ikkje, har blitt vurdert i fleire saker. Mellom anna i sakene om kompensasjon til Madcon og artistane Arif og Unge Ferrari. Avgjerdene finn du her, her og her.

I majoriteten av sakene, totalt 169 av 231 har klaga ikkje blitt teken til følgje. Klaga har blitt teken til følgje i 29 saker og delvis til følgje i 17 saker. I 9 saker har vedtaket blitt oppheva og sendt til underinstansen for ny behandling og klaga har blitt avvist i totalt 5 saker. I tillegg til disse 231 sakene er 10 saker trekt.

 

David Mark / Pixabay