Gå til innhold

Nytt frå Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement er ei mellombels klagenemnd som behandlar klager på Kulturrådet sine vedtak etter kompensasjonsordninga og stimuleringsordninga for kultursektoren. Nemnda hadde sitt første nemndmøte den 18. januar 2021. Sidan den gong har nemnda hatt møte kvar veke og avgjort heile 122 saker. Fleire av sakene hastar, sidan dei økonomiske støtteordningane har vore og framleis er viktige for kulturarrangørane og underleverandørane deira. Nemnda har derfor prioritert å ha møte kvar veke, slik at saksbehandlingstida, rekna frå tidspunktet Kulturrådet sender sakene over til nemnda, skal vere så kort som mogleg. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid er per i dag på 48 dagar. Nemnda hadde sitt siste nemndmøte før sommaren den 29. juni 2021 og startar opp att den 9. august 2021.

Både stimuleringsordninga og dei ulike kompensasjonsforskriftene er heilt nye, og nemnda har måtta handtere fleire ulike og til dels krevjande problemstillingar knytte til tolkinga av desse. Blant anna spørsmålet om kva for nokre arrangement ein kan gi støtte til, kven som kan få støtte, berekning av støtte og eventuell avkorting. Nemnda forventar at det vil komme ein del saker også utover hausten.

Bilde: Eirik Witsoe/Unsplash