Oppheva smittevernrestriksjonar gjer at det ikkje er mogeleg å få tilskotsmidlar til å gjennomføre kulturarrangement etter 12. februar 2022
Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement fatta den 17. april 2022 avgjerd i sak 2022/395. Spørsmålet i saka var om Kulturrådet kunne gje avslag på ein søknad om tilskotsmidlar som følgje av at styresmaktene oppheva dei smittevernrestriksjonane som hadde gjeldt for arrangementet frå 12. februar 2022.
Klagenemnda si tolking av forskrift 14. mai 2021 nr. 1521 om midlertidig tilskudd til kulturarrangementer fra juli 2021 som følge av covid-19 er at forskrifta ikkje gjev grunnlag for å gje tilskot om styringsmaktpålagte krav til antal deltakarar på arrangementet er oppheva på tidspunktet for gjennomføring. Klagenemnda viser mellom anna til ordlyden i forskrifta § 4 første ledd bokstav b om at tilskot kan bli gjeve til arrangement som «må redusere antall fysiske deltagere eller besøkende på kulturarrangementet i forhold til en normalsituasjon på grunn av myndighetspålagte krav eller begrensninger knyttet til covid-19-utbruddet». Nemnda si oppfatning er at det ligg eit krav om årsakssamanheng mellom det reduserte antalet av deltakarar og restriksjonane frå styringsmaktene. Dette avgrensar mot eit redusert antal deltakarar som følgje av andre forhold enn dei offentlege restriksjonane. Nemnda har vektlagt at denne tolkinga er i tråd med føremålet i forskrifta § 2 bokstav a. Det følgjer der at tilskotsordninga er meint å stimulere til at kulturarrangement kan bli gjennomført «innenfor smittevernpålegg gitt av offentlige myndigheter som følge av covid-19».
I denne saka kom Klagenemnda til at det var tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom det reduserte antalet deltakarar og smittevernrestriksjonane. Dette var fordi arrangementet vart gjennomført den 12. februar 2022, altså same dag som restriksjonane vart oppheva. For dei andre arrangementa var det gjennomføring fyrst etter den 12. februar 2022, og Klagenemnda kom til at det ikkje var tilstrekkeleg årsakssamanheng for desse. Nemnda har om si vurdering skrive at «det avgjørende (…) er at det ikke lengre foreligger noen direkte årsakssammenheng mellom klagers billettsalg, herunder antall deltakere på arrangementene, og offentlige restriksjoner.»
Les hele avgjerda her.
