Generelt om nemndene

Dei ulike nemndene Klagenemndssekretariatet koordinerer, har ei rekkje likskapstrekk. Alle nemndene er statlege forvaltningsorgan som utøver offentleg mynde, og som er kollektivt leidde og plasserte utanfor det ordinære forvaltningshierarkiet. Dei fleste nemndene har som einaste oppgåve å overprøve eller stadfeste vedtak som er gjorde av eit anna statleg forvaltningsorgan. Vedtaka kan berre overprøvast av ordinære domstolar, ikkje av eit anna forvaltningsorgan. KOFA er i ei særstilling fordi nemnda er eit tvisteløysingsorgan som avgjer tvistar mellom offentlege oppdragsgjevarar og leverandørar, eller gjev gebyr ved ulovlege direkte innkjøp. Det finst altså ikkje noko forvaltningsvedtak frå eit underordna forvaltningsorgan som nemnda skal overprøve.

Felles for alle nemndene organet koordinerer, er at dei ordinære inngrepsmoglegheitene for regjeringa/departementet er avskorne. Klagenemnder som overprøver forvaltningsvedtak, skal fungere som ein rettstryggleiksgaranti for borgarar som meiner at det er teke feilaktige avgjerder i ei sak. Ved å samle sekretariatsfunksjonen i Klagenemndssekretariatet for alle dei ni nemndene har ein sørgt for ein klar organisatorisk avstand mellom klagenemnd og førsteinstans. Dette er viktig for skape tillit til at nemndene gjer ei sjølvstendig vurdering av vedtaket i første instansen.

Storleiken på sakene varierer stort mellom nemndene. Konkurranseklagenemnda har store og svært arbeidskrevjande saker, medan dei nemndene som er organiserte under Kulturdepartementet, stort sett har mindre arbeidskrevjande saker. Det varierer likevel også her, og vi har døme på store og krevjande saker for både Medieklagenemnda og Lotteriklagenemnda i 2020.

Klagenemndssekretariatet har i dag 7 nemndleiarar for dei 9 nemndene organet har ansvar for. Lotterinemnda og Frivilligheitsregisternemnda, og Markedsrådet og Klagenemnda for tilskudd til kulturarrangementer har same nemndleiar. Nemndleiarane er anten dommarar, advokatar eller professorar frå universitetet som har god erfaring og kompetanse innanfor dei rettsfelta nemnda handhevar.

Bilde av nemndsledere
Nemndslederne Sverre Nyhus (KOFA), Bjørnar Borvik (Medieklagenemnda) og Gudmund Knudsen (Stiftelsesklagenemnda) under et møte i Bergen høsten 2019.