Sammendrag
Innklaga gjennomførte ein open anbodskonkurranse for anskaffing av totalentreprise for tilbygg og ombygging av Lærdal bu- og omsorgssenter. Klagar gjorde gjeldande at innklaga hadde brote anskaffingsregelverket ved å utforma eit ulovleg uklart tildelingskriterium, ved ikkje å avvise tilbydarane rangert som nummer ein, to og tre som følgje av at dei ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava, ved å ikkje avvise tilboda deira då dei inneheldt vesentlege avvik, og ved feil i tilbodsevalueringa. Klagenemnda kom til at innklaga ikkje hadde sannsynleggjort at dei tre rangerte leverandørane oppfylte kvalifikasjonskravet «Teknisk og fagleg kapasitet».