Sammendrag
Innklaga gjennomførte ein konkurranse for anskaffing av vintervedlikehald av kommunale vegar og setting av brøytestikker. Klagar gjorde gjeldande at innklaga hadde brote anskaffingsregelverket gjennom tilbodsevalueringa ved å leggje vekt på forhold utanfor tildelingskriteriet «Køyretøy og kvalitet», slik at det var innført eit nytt og ulovleg tildelingskriterium. Klagar gjorde òg gjeldande brot på grunngjevingsplikta. Klagenemnda kom til at innklaga hadde brote grunngjevingsplikta ved tildeling av kontrakt, men at denne var reparert i seinare tid. Klagar sin andre påstand førte ikkje fram.