Eitt år med Finanstilsynsklagenemnda

Det har no gått snart eitt og eit halvt år sidan Finanstilsynsklagenemnda vart etablert 1. april 2025. I denne perioden har nemnda behandla eit breitt spekter av klagesaker innanfor ulike fagområde Finanstilsynet fører tilsyn med.

Ved oppstart overførte Finansdepartementet fleire uavgjorde klagesaker til nemnda. Eit viktig mål har vore å få behandla desse sakene så raskt som mogleg, samstundes som nye saker har blitt behandla løpande i den rekkefølga dei er komne inn. Av sakene som vart overførte frå departementet, er det no berre seks av desse som framleis er under behandling.

Per i dag har Finanstilsynsklagenemnda fått inn totalt 92 saker. Av desse er 14 trekte og 41 avgjorde. I sju saker har klagar fått heilt eller delvis medhald, medan fire saker har vorte oppheva og sendt tilbake til Finanstilsynet for ny behandling. I dei andre avgjorde sakene har klagen ikkje ført fram.

«Oppstartsperioden har for oss i Klagenemndssekretariatet vore både hektisk og lærerik», seier Olav Ottesen. Han er ein av åtte medarbeidarar i sekretariatet, med anten juridisk eller økonomisk kompetanse, som i dag arbeidar med nemnda sine saker. «Fokus har vore på å bygge opp rutinar og praksis for ei effektiv og grundig sakshandsaming, og etablere eit godt samarbeid med nemnda. Me vonar å fortsette dette gode samarbeidet framover, og vil fortsette arbeidet med å betre sakshandsaminga og å byggje kompetanse innanfor område vi arbeider med.»

Me i sekretariatet ser fram til vidare arbeid for nemnda!