Gå til innhold

Sei hei til Ayesha som hjelpar oss med å drive effektivt og godt saksarbeid

Eit av våre uttalte mål er å drive effektivt og godt saksarbeid. For å oppnå effektivitet, ser vi på digitalisering som eit viktig verkemiddel. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre våre arbeidsprosessar og bli enda meir digitale. Vi har sett rekruttering og digitalisering i samanheng, og har tilsett den flinke og digitale fjerdeårsstudenten, Ayesha Ahmad, i ei deltidsstilling hjå oss.

Ayesha har jobba administrativt, og har sendt ut innkomne sakar til partane, klargjort sakar for overføring til Lovdata, arkivert og avlasta saksarbeidarane. Ayesha seier at hennar viktigaste erfaring herfrå er at arbeidslivet nå verkar mindre skummelt, og at ho har fått eit godt innblikk i korleis eit statleg organ driftes på daglig basis.

Vi har hatt stor nytte av å ha Ayesha hjå oss, og meiner dette er «vinn-vinn» for alle partar!

Bilde av den ansatte som sitter ved et bord og jobber
Ayesha Ahmad