Vedtak i sak om lovbrotsgebyr

Energiklagenemnda har fatta vedtak om lovbrotsgebyr til nettselskapet Klive AS. Gebyret vart ilagd fordi Klive AS ikkje hadde gjennomført naudsynt tryggingstiltak.

Bakgrunnen for saka var tilsyn gjennomført av Reguleringsmyndigheten for energi (RME) i 2024. Tilsynet avdekka brot på forskrift om kraftomsetjing og nettenester, mellom anna ved at Klive AS ikkje hadde gjennomført naudsynte tryggingstiltak. RME vedtok etter dette eit lovbrotsgebyr på kroner 750 000 til nettselskapet.

Energiklagenemnda fekk oversendt saka 8. mai og avgjorde denne 1. september 2025. Nemnda var i all hovudsak einig med RME, men kom til at lovbrotsgebyret var for høgt. Nemnda etterlyste betre føringar frå RME og uttalte:

«Selv om ansvaret ligger hos nettselskapet, mener nemnda at RME kunne ha kommunisert noe tydeligere og bredere hva som var forventet på dette området. Dette gjelder spesielt fordi dette er et teknisk område der utviklingen går raskt og RME som kontrollorgan med sanksjonsmyndighet forutsettes å ha størst innsikt på dette feltet. Etter nemndas syn må dette tas i klagers favør hensett til overtredelsens grovhet.»

Sjølv om nemnda reduserte storleiken på gebyrbeløpet, påpeika nemnda kor viktig det er for nettselskap å setje seg godt inn i reguleringa. Nemnda uttala mellom anna:

«Nemnda bemerker at ivaretakelse av sikkerhetsnormer befinner seg i kjernen av nettselskaps virksomhet og digital sikkerhet er et område som alle nettselskap må prioritere.»

Avgjerda er publisert i offentleg versjon på nettsida vår, og kan lesast her.

 

 

Illustrasjon av en børs
Unsplash/Nicholas Capello