Per Conradi Andersen gjenoppnemnd som leiar av Energiklagenemnda
Advokat Per Conradi Andersen vart i statsråd fredag 28. november oppnemnd som leiar av Energiklagenemnda for ein ny periode på seks år. Andersen er til dagleg partner i Kvale Advokatfirma DA og har vore leiar av Energiklagenemnda sidan nemnda vart oppretta i 2019.
Nemnda har handsama 153 saker i løpet av dei seks åra den har vore verksam. Aukande tilfang av saksområde, slik som Norgespris, samt auka aktualitet for energirettslege spørsmål gjer at Energiklagenemnda kjem til å ha mykje å gjere i tida framover.
Klagenemndssekretariatet ser fram til eit godt samarbeid med Andersen også dei neste seks åra.
Les meir om utnemninga her.