Nytt frå Energiklagenemnda

Energiklagenemnda er no inne i sitt andre år med drift etter opprettinga i november 2019. Som følgje av overgangsføresegner knytte til tidspunktet for når nemnda tredde inn som klageinstans, blei det ein litt treig start. I 2020 kom det inn totalt elleve saker, dei fleste på slutten av året. Totalt avgjorde nemnda seks saker. Så langt i 2021 har det komme inn 25 saker. Nemnda har avgjort sju saker, éi sak er blitt trekt. Per dags dato arbeider nemnda parallelt med åtte saker som gjeld klage på vedtak om avvikling av avtaletypar for jamn betaling av straum og nettleige. Desse skal etter planen gjerast ferdige i august/september.

Energiklagenemnda behandlar klager over enkeltvedtak Reguleringsmyndigheita for energi (RME) gjer med heimel i energilova og naturgasslova. Nemnda har så langt teke imot saker som gjeld ei rekkje ulike spørsmål innanfor det området RME forvaltar. Dei spenner frå spørsmål om anleggsbidrag, gebyr for avlesing av AMS-målar utan kommunikasjonseining, straumavtalar, fellesmåling av straum, tariffering, forvaltningsrett mv. Nemnda har blant anna avgjort spørsmål om usemje om tariffering mellom nettselskap og spørsmål om fellesmåling. Vedtaka til RME har blitt haldne ved lag i elleve saker, men med endra grunngiving i fleire av dei. Eitt vedtak blei oppheva og sendt i retur til RME for å bli behandla på nytt, og i éi sak fekk klagar medhald.

Bilde: Bill Oxford/Unsplash