Vedtak i sak om lovbrotsgebyr

Energiklagenemnda har avgjort sin første sak om lovbrotsgebyr. Selskapet Boliden Odda AS vart i november 2023 ilagd eit lovbrotsgebyr på kroner 5 000 000 – fem millionar av Reguleringsmyndigheten for energi (RME) for å ha handla i strid med reglane om marknadsmisbruk i NEM-forskrifta § 5-4, jf. § 5-1.

Saka har sin bakgrunn i hendingar som skriv seg att ende til 2021. Boliden Odda produserer sink og deltek jamleg i regulerkraftmarknadene ved å tilby effekt i kraftsystemet grunna sitt store kraftforbruk. I regulerkraftmarknadene mottek aktørar betaling frå Statnett for å auke eller redusere sitt eiga kraftforbruk. Hausten 2021 tok selskapet på seg å redusere kraftforbruket ved å ta ned produksjonen. Ved to tilfelle kunne likevel ikkje selskapet tilby den etterspurde effekten ettersom produksjonen allereie var stansa grunna vedlikehald. For uke 42 i 2021 auka selskapet i tillegg prisen på bodet for å unngå aktivering av volumet som selskapet ikkje var i stand til å levere. Då Statnett aktiverte bodet vart det klart at selskapet ikkje kunne oppfylle forpliktelsen.

RME fatta vedtak om lovbrotsgebyr 11. november 2023. RME fann at selskapet si framferd innebar eit markert avvik frå normal forsvarleg handlemåte for ein aktør som vel å ta del i kraftmarknaden. Ordreinnleggelsen var etter RME si vurdering eit utslag av at selskapet på tidspunktet for hendingane ikkje hadde gode rutinar for bodgivning i regulerkraftmarknadene. Saka kom til Energiklagenemnda 6. mars 2024 og vart avgjort 20. juni 2024. Nemnda var i all hovudsak einig med RME, men vurderte ein av hendingane noko annleis enn RME og uttala at:

«Det er den mulige effekten den aktuelle handlingen har eller kan ha på markedet som er sentralt for vurderingen»

Energiklagenemnda kom difor til at åtferda både i veke 40 og 42 utgjorde marknadsmanipulasjon. Når det gjaldt storleiken på gebyret viste nemnda til at det ikkje har utvikla seg eit samanliknbart nivå gjennom praksis, og nemnda slutta seg til dei moment og skjønnsmessige vurderingar som låg til grunn for RMEs utmåling. Klagen vart ikkje tatt til følgje og nemnda stadfesta vedtaket frå RME.

Avgjerda er publisert på nettsida vår, og kan lesast i sin heilskap her.

dommerhammer og vektskåler