Om Frivillighetsregisternemnda
I 2009 oppretta Kulturdepartementet ei klagenemnd for saker knytte til registrering i Frivilligheitsregisteret. Åtgangen til å klage er heimla i Frivillighetsregisterloven av 29. juni 2007 og i forskrift til lov om register for frivillig verksemd §§ 6 og 7 (nr. 1214 av 15. oktober 2008).
Frivilligheitsregisternemnda er ei sjølvstendig klagenemnd, men samordna med Lotterinemnda ved at medlemmar og personlege varamedlemmar i Lotterinemnda blir oppnemnd til tilsvarande verv i Frivilligheitsregisternemnda. I tillegg blir det òg oppnemnd ein representant frå Frivillighet Norge og ein representant med inngåande kunnskap om frivillig sektor, begge med personlege varaar. For perioden frå 01.01.2025 til 31.12.2029 har Frivilligheitsregisternemnda denne samansetnaden:
Leiar: Martin Hennig; personleg vara: Sigurd Høines
Medlem: Renate Kristiansen; personleg vara: Sveinung Aas
Medlem: Joachim Amundsen Trana; personleg vara: Dagrun Yolanda Haider
Medlem: Simen Saxebøl; personleg vara: Janne Nyhus
Medlem: Vibeke Wøien Hansen; personleg vara: Daniel Stoltenberg
Arbeidet til Frivilligheitsregisternemnda er regulert av frivilligheitsregisterlova og forskrift til lov om register for frivillig verksemd. Saksbehandlinga følger forvaltingslova, og saksdokumenta er offentlege etter reglane i offentleglova. Det er ikkje utarbeidd nokon eigen instruks for Frivilligheitsregisternemnda.
Ansvarleg for Frivilligheitsregisternemnda i Klagenemndssekretariatet er assisterende direktør Elisabeth Sætre. Ho kan nåast på e-post Elisabeth.Saetre@knse.no/ tlf.: 55 19 30 00. Alle presseførespurnader blir bedne retta til Klagenemndssekretariatets direktør Anneline Vingsgård.