Vi har teke ein prat med leiaren for Medieklagenemnda, Bjørnar Borvik
Klagenemndssekretariatet er sekretariat for ni ulike nemnder. Medieklagenemnda er éi av dei. Medieklagenemnda har eit breitt verkeområde og overprøver mellom anna vedtak under ei rekkje offentlege tilskotsordningar innan produksjon og formidling av audiovisuelle verk hos Norsk filminstitutt (NFI) og regionale filmsenter. Nemnda overprøver også vedtak under pressestøtteordninga for nyheits- og aktualitetsmedium hos Medietilsynet og dessutan tilsynet sine vedtak etter bileteprogramlova og kringkastingslova, inkludert pålegg om stans av marknadsføring av ulovleg pengespelreklame ifølgje § 4-7 i lova. Nytt frå 2021 er at nemnda også overprøver Patentstyret sine vedtak etter ny lov om kollektiv forvaltning av opphavsrettar.
Bjørnar Borvik er heilt klart ein engasjert og travel mann. Han arbeider til dagleg som professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Her har han spesialisert seg innan menneskerettar, særleg ytringsfridom og personvern. Bjørnar er også ansvarleg for samarbeidet som Det juridiske fakultet har med kinesiske partnarar, og denne våren har han gjennomført to lengre besøk i Kina. I tillegg til arbeidet som professor er Bjørnar leiar for Medieklagenemnda, noko han har vore sidan 2019. Han er dessutan leiar for Diskrimineringsnemnda, nestleiar for Personvernnemnda og medlem av Rikslønnsnemnda.
– Korleis får du dette til å gå rundt, Bjørnar?
– Denne våren har det nesten ikkje gått rundt, skal eg vere ærleg. Det har vore mange saker til behandling i fleire av nemndene eg er medlem av, og på grunn av dei to turane mine til Kina i mars og mai har mykje av arbeidet blitt konsentrert til dei månadene eg har vore i Noreg. For å sikre tilstrekkeleg framdrift i arbeidet har det gått med ein god del kveldar og helger. Utan solid saksførebuing frå dyktige medarbeidarar i Klagenemndssekretariatet og solide kollegaer i nemnda hadde det heller ikkje vore mogleg for meg å gjere jobben min som nemndleiar. Eg er svært nøgd med at vi i Medieklagenemnda i løpet av våren har komme à jour med klagesakene.
– Vi kan vel seie at du er over gjennomsnittet engasjert i nemndarbeid. Kva er det med nemndarbeid som interesserer deg?
– Eg har alltid vore oppteken av at jussen skal vere praktisk orientert, og at det sentrale for oss juristar er å løyse reelle problem på ein føreseieleg og balansert måte. Eg har i heile yrkeskarrieren min hatt fakultetet i Bergen som hovudarbeidsplass, med unntak av tre konstitusjonar som lagdommar i Gulating lagmannsrett. Arbeidet som dommar var tiltalande, og eg var fascinert av breidda i problemstillingane ein blir sett til å løyse i domstolane. Som leiar og medlem i ulike nemnder blir eg også utfordra breitt fagleg sett, og det liker eg godt. Mitt generelle inntrykk er at det er god kvalitet på det arbeidet som blir gjort i norske klagenemnder, og det utgjer eit viktig og heilt nødvendig supplement til det arbeidet som norske domstolar gjer når det gjeld kontroll med forvaltninga si verksemd.
– Kva gjer ein professor i menneskerettar og personvern som leiar for Medieklagenemnda?
– Eg blei overraska då eg blei spurd av departementet om eg ville bli medlem av nemnda, og kanskje enda meir overraska då eg enda opp med å bli leiar. Min faglege spisskompetanse ligg nemleg litt på sida av dei fleste sakstypane vi behandlar i nemnda. Det skal likevel seiast at ytringsfridom er eit grunnleggjande omsyn som grunngir fleire av dei tilskotsordningane som ligg under nemnda sin kompetanse. Den mest openberre er kanskje pressestøtteordninga til nyheits- og aktualitetsmedium, men også dei ulike støtteordningane som blir forvalta av NFI, og reglane om aldersgrensefastsetjing av biletprogram, handlar grunnleggjande sett om ytringsfridomen sine kår i Noreg. Derfor opplever eg arbeidet i nemnda som særleg meiningsfullt.
– Kva vil du trekkje fram som det viktigaste eller mest interessante arbeidet du har gjort som leiar for Medieklagenemnda?
– Vi må ikkje gløyme at Medieklagenemnda er eit klageorgan, og ikkje eit overordna organ for dei forvaltningsorgana som forsyner oss med klagesaker. Nemnda har i løpet av det siste året gjennomført kontaktmøte med Patentstyret, Medietilsynet og Norsk filminstitutt, og desse møta har vore svært nyttige for oss i nemnda. Eg har i kontakten med desse forvaltningsorgana ikkje opplevd at vi har motstridande interesser, men snarare har ei felles erkjenning av at vi skal spele kvarandre gode. Det gjer nemndarbeidet meiningsfullt, rett og slett fordi arbeidet vårt får betydning ut over den enkelte saka som vi avgjer. Skal eg trekkje fram éin sakstype som eg tykkjer er særleg interessant å arbeide med, må det vere sakene om pressestøtte som Medieklagenemnda har avgjort dei siste par åra.
– Kven eller kva inspirerer og engasjerer deg?
– Gode faglege diskusjonar, der ein kjem ut på den andre sida som ein litt betre jurist, er svært tilfredsstillande. Samarbeidet med gode kollegaer i nemnda og i Klagenemndssekretariatet har gitt mange slike opplevingar, og det er kjekt! I mitt virke som professor er det utan tvil det akademiske samarbeidet med kinesiske universitet og andre samarbeidspartar som har inspirert og engasjert meg mest dei siste sju–åtte åra. Vi lever i ei polarisert verd der statsleiarar og politikarar står steilt mot kvarandre og stort sett målar verda i svart og kvitt. Til tider er det krevjande her heime å vere blant dei som meiner det er viktig å ha eit akademisk samarbeid med Kina. Men for meg står det som klart at akademia kan og må spele ei viktig rolle i ein slik situasjon. Det handlar om å gi studentar auka kunnskap og innsikt, og det handlar om at forskarar møtest for å utvikle ny kunnskap og løyse felles utfordringar, delvis av eksistensiell karakter. Då er det samarbeid som gjeld, og ikkje fråkopling.
Du kan lese mer om Medieklagenemnda og nemndas arbeid her.