Medieklagenemnda held fast ved gebyret frå Medietilsynet for brot på konsesjonsvilkår

Medieklagenemnda tok våren 2020 ei avgjerd i spørsmålet om vedtaket frå Medietilsynet om å ileggje FM-lokalradioen Norsk Lokalkringkasting AS (Hallo Ski) gebyr, var lovleg (sak 2019/434). Klagenemnda var einig med Medietilsynet i at det skulle givast gebyr, og at det var tale om alvorlege brot på sentrale konsesjonsvilkår, men kom fram til at det utmålte gebyret på 500 000 kroner var for høgt. Gebyrvedtaket frå Medietilsynet blei derfor oppheva og sendt tilbake til Medietilsynet.

Medietilsynet gjorde 18. juni 2020 nytt vedtak der gebyret blei sett til 50 000 kroner. Vedtaket blei klaga på 10. juli 2020. Klagaren skreiv at gebyret ikkje stod i forhold til inntektene til klagaren ettersom gebyret utgjorde over 30 prosent av omsetninga til klagaren. I tillegg hadde klagaren negativt driftsresultat i 2019.

Klagenemnda tok våren 2021 ei avgjerd i klagesaka. Klagenemnda var einig med klagaren i at gebyret var høgt samanlikna med omsetninga til klagaren og det negative driftsresultatet, men at økonomien til klagaren berre var eitt av fleire vurderingsmoment. I premiss 26 framhevar nemnda følgjande:

I den helhetsvurderingen som skal gjøres, vil klagenemnda påpeke at et overtredelsesgebyr på 50 000 kroner er høyt sett opp imot klagers omsetning og negative driftsresultat i 2019. Nemnda viser imidlertid til at dette bare er ett av flere momenter som skal vektlegges i en helhetsvurdering. Det må ved utmålingen av gebyret også vektlegges at det er tale om to alvorlige brudd på sentrale konsesjonsvilkår (premiss 21), og de føringer som framgår av Kulturdepartementets uttalelse fra 2015 (premiss 24). Gebyret må utmåles slik at det har en preventiv effekt, og at bruddene på konsesjonsvilkårene opphører.

Klagenemnda forkasta klagen av 10. juli 2020 og heldt fast ved vedtaket frå Medietilsynet av 18. juni 2020.

Heile avgjerda finn du her.