Utbetalingar etter privat avtale om uføreforsikring kan ikkje likestillast med «erstatning eller oppreisning for skade på legeme eller helse eller for tap av forsørger»

I vedtak av 8. juni 2021 avslo Stiftelsestilsynet søknad om beslagsfridom etter dekningslova § 3-9 i utbetalingar etter privat avtale om uføreforsikring. Det følgjer av dekningslova § 3-9 at Stiftelsestilsynet, etter oppmoding frå skuldnaren, kan avgjere at beløp som nemnt i dekningslova § 2-7 andre ledd bokstav d til h skal vere beslagsfrie, også etter at dei er betalte ut til skuldnaren. Dekningslova § 2-7 andre ledd bokstav f, som var aktuell i denne saka, gjeld «erstatning eller oppreisning for skade på legeme eller helse eller for tap av forsørger». Uføreforsikringa som denne saka gjaldt, var ei kapitalforsikring som gav rett til utbetaling av eit beløp som var fastsett på førehand. Etter forsikringsvilkåra oppstod retten til forskotering av uførekapital når den forsikra i ein samanhengande periode på meir enn 12 månader hadde vore minst 50 prosent arbeidsufør. Først dersom forsikringstakaren hadde vore minst 50 prosent arbeidsufør i ein samanhengande periode på meir enn to år, medan forsikringsdekninga var i kraft, og forsikringsselskapet vurderte uførleiken som varig, oppstod det rett til utbetaling av uførekapital. Uførekapitalen skulle då betalast ut som eit eingongsbeløp fråtrekt eventuelle utbetalingar som allereie var forskoterte.

Avslaget frå Stiftelsestilsynets var grunngjeve med at utbetalingane ikkje oppfylte vilkåra for beslagsfridom i dekningslova § 3-9. jf. dekningslova § 2-7 andre ledd bokstav d til h. Tilsynet viste til førearbeida til dekningslova § 3-9 og at føremålet med føresegna er å hindre at kreditorane til den skadelidne på utbetalingstidspunktet for ei erstatning tek beslag i midlar som skal tene til framtidig underhald. Tilsynet vurderte at forsikringsutbetalingane som det blei søkt om, var meinte å dekkje bortfall av arbeidsinntekt, og ikkje framtidig tap i lønsinntekt.  I vurderinga la Stiftelsestilsynet vekt på at forsikringsselskapet ved utrekninga av utbetalingane i forskoteringsperioden hadde henta inn meldekortet til søkjaren frå Nav, og reduserte forsikringsutbetalingane tilsvarande i periodar då klagaren hadde arbeidd.

Klagaren meinte at dei aktuelle utbetalingane fall inn under dekningslova § 2-7 andre ledd bokstav f, som gjeld «erstatning eller oppreisning for skade på legeme eller helse eller for tap av forsørger». Klagaren meinte vidare at det berre i heilt ekstraordinære tilfelle kunne bli gjeve avslag på søknad om beslagsfridom etter dekningslova § 3-9 for slike utbetalingar.

Stiftelsesklagenemnda avgjorde klagesaka i vedtak av 3. november 2021. Klagenemnda vurderte at forsikringsutbetalingane det var søkt om, ikkje kunne reknast som «erstatning eller oppreisning for skade på legeme eller helse eller for tap av forsørger», jf. dekningslova § 2-7 andre ledd bokstav f.  Heller ikkje dei andre alternativa i § 2-7 andre ledd bokstav d til h var aktuelle i saka. Nemnda la til grunn at forsikringsutbetalingar kan falle inn under bokstav f, så sant forsikringsutbetalinga har karakter av erstatning for personskade. Eit døme kan vere krav mot ansvarsforsikringsselskapet til skadevaldaren etter bilansvarslova. I den konkrete saka vurderte Stiftelsesklagenemnda at saka ikkje gjaldt ei utbetaling etter ei ansvarsforsikring eller ulykkesforsikring, men ei uføreforsikring som gav rett til utbetaling uavhengig av om uførleiken kom av sjukdom eller ulykke, og uavhengig av om nokon kunne gjerast ansvarleg for uførleiken.

Stiftelsesklagenemnda kom på bakgrunn av dette fram til at det ikkje kunne gjerast vedtak om beslagsfridom etter dekningslova § 3-9.

Heile avgjerda kan du lese her.