Gå til innhold

Saksgangen

Stiftelsesklagenemnda behandlar klager over vedtak fatta av Stiftelsestilsynet etter stiftelseslova, samvirkelova, arvelova og dekningslova.

Ønsker du å klage på eit vedtak gjort av Stiftelsestilsynet, må du sende klaga til Stiftelsestilsynet innan tre veker etter at du fekk vedtaket.

Stiftelsestilsynet vil då vurdere saka på nytt. Dersom tilsynet ikkje finn grunn til å gjerne om på vedtaket, vil det sende klaga vidare til Stiftelsesklagenemnda, normalt saman med ei innstilling med ei nærmare grunngjeving for vurderinga.

Klagenemndssekretariatet tek imot innstillinga frå Stiftelsestilsynet saman med saksdokumenta på vegner av Stiftelsesklagenemnda. Når Klagenemndssekretariatet har fått inn ei klage, får klagar tilsendt eit stadfestingsbrev. Brevet gjer samtidig klagar ein frist på 10 yrkedagar til å sende inn eventuelle merknader til Stiftelsestilsynet si innstilling. Klagenemndssekretariatet vil sende ein kopi av eventuelle merknader til Stiftelsestilsynet.

Klagesakene blir normalt behandla i kronologisk rekkefølge. Du kan sjå kva saker som er komne inn, og når dei kom inn, her.

Stiftelsesklagenemnda sine avgjerder byggjer på dei saksdokumenta som nemnda har fått inn i forkant av behandlinga av klaga. Klagar får den endelege avgjerda når ho ligg føre. Avgjerdene blir òg publiserte her.

Dersom klagar har eit organisasjonsnummer, vil brev og vedtak normalt bli sendt ut via Altinn.

Dersom Stiftelsestilsynet sitt vedtak blir endra til gunst for klagar, kan klagar i medhald av forvaltingslova § 36 krevje vesentlege sakskostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket, dekka. Eit eventuelt krav om dekning av sakskostnader rettast til Stiftelsesklagenemnda.

konkurranseklagenemnda