Medieklagenemnda har fatta sitt første vedtak som gjeld godkjenning av avtalelisensutløysande organisasjonar
Medieklagenemnda har fatta sitt første vedtak om godkjenning av avtalelisensutløysande organisasjonar, etter åndsverklova § 63 tredje ledd. Avtalelisens gir moglegheit til å bruke åndsverk eller delar av åndsverk utan opphavspersonen sitt samtykke. Det er eit vilkår at avtale er inngått med ein organisasjon som representerer ein vesentleg del av opphavspersonane til dei verka som vert brukt på vedkommande området i Noreg, og som tillèt slik bruk.
I forbindelse med at Lov 28. mai 2021 nr. 49 om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv. trådde i kraft, vart Medieklagenemnda også klageinstans for Patentstyret sine vedtak om godkjenning av avtalelisensutløysande organisasjonar etter Lov 15. juni 2018 nr. 40 om opphavsrett til åndsverk (åndsverklova) § 63 tredje ledd. Lovendringa i åndsverklova trådde i kraft 1. juli 2021, og dette er nemnda si første avgjerd etter lovendringa.
Avgjerda gjeld Patentstyret sitt vedtak om godkjenning av Music Nest Norway som avtalelisensutløysande organisasjon etter åndsverklova § 63 tredje ledd. Music Nest Norway er ein kollektiv forvaltningsorganisasjon for musikkprodusentar.
Vilkåra for godkjenning etter åndsverklova § 63 tredje ledd er at forvaltningsorganisasjonen «på området representerer et betydelig antall opphavere til verk som brukes i Norge, og er egnet til å forvalte rettighetene på området».
Music Nest Norway hadde søkt Patentstyret om godkjenning til å inngå avtale med NRK med avtalelisensverknad for bruk av innspelt musikk i radio «on demand» og podkast. Patentstyret vurderte at Music Nest Norway oppfylte vilkåra for godkjenning i § 63 tredje ledd, jf. andre ledd – nærare bestemt at Music Nest Norway representerer eit betydeleg tal opphavspersonar til både produsentrettar etter åndsverklova § 20 og utøverrettar etter åndsverklova § 16, og at Music Nest Norway er eigna til å forvalte desse rettane. Patentstyret innvilga derfor søknaden.
Vedtaket vart i fellesskap påklaga av Produsentforeningen NORA – Norwegian Recording Artists, Creo – Forbundet for kunst og kultur, Artistorganisasjonen GramArt og Norsk Tonekunstnersamfund. Klagarane argumenterte blant anna for at Music Nest Norway ikkje representerer eit betydeleg tal med opphavspersonar til utøverrettar etter åndsverklova § 16. Klagarane viste til at Music Nest Norway berre representerer rettshavarar til produsentrettar etter åndsverklova § 20 (musikkprodusentar), og ikkje representerer utøvande kunstnarar.
Music Nest Norway har på si side argumentert for at dei representerer både produsent- og utøvarrettar. Music Nest Norway viste til at medlemmane deira, musikkprodusentane, har produsentrettar etter § 20, og i tillegg har erverva utøvarrettar etter § 16 gjennom innspelingsavtalane.
Eit sentralt spørsmål for nemnda i klagesaka var dermed om åndsverklova § 63 tredje ledd må verte tolka slik at den oppstiller eit krav om at Music Nest Norway må representere originære rettshavarar til § 16-rettar, eller om det er tilstrekkeleg at organisasjonen representerer produsentar som har erverva utøvarrettar.
Medieklagenemnda vurderte klagen og kom til at § 63 tredje ledd må verte tolka slik at det er originære rettshavarar som må vere representert. Nemnda viste blant anna til lovforarbeida som støtte for sitt syn. Nemnda vurderte dermed at Music Nest Norway ikkje er representative for utøverrettar (§ 16-rettar) etter åndsverklova § 63 tredje ledd. Nemnda kom også til at Music Nest Norway ikkje er eigna til å forvalte utøvarane sine rettar og ivareta interessene deira, ettersom utøvarane ikkje kan bli medlem i organisasjonen og dermed heller ikkje kan delta i slutningsprosessane i organisasjonen.
På bakgrunn av dette kom Medieklagenemnda til at vilkåra i åndsverklova § 63 tredje ledd ikkje var oppfylt, og at Patentstyrets vedtak var ugyldig. Nemnda oppheva Patentstyret sitt vedtak, og saka er sendt tilbake til Patentstyret for ny behandling.
Nemnda har i vedtaket også tatt stilling til forholdet mellom generell avtalelisens i åndsverklova § 63 tredje ledd og særskilt avtalelisens i åndsverklova § 57. Det var også eit spørsmål for nemnda om Produsentforeningen NORA hadde rettsleg klageinteresse etter forvaltningslova § 28 første ledd.
Avgjerda er publisert på nettsida vår, og kan lesast i sin heilskap her: https://www.klagenemndssekretariatet.no/medieklage/2023-252