Mal for klage

KOFA treng ein skriftleg klage for å starte sakshandsaminga.

Bruk gjerne denne malen for å sikre at du får med all naudsynt informasjon:

Klagen må innehalde følgjande informasjon:

  • Namn, adresse, tlf. nr. og e-post til klagar (og eventuell partsrepresentant)
  • Namn, adresse, tlf. nr. og e-post til innklagede (og eventuell partsrepresentant)
  • Namn på valde leverandør
  • Namn på andre leverandørar som deltok i konkurransen
  • Kort om anskaffinga klaga gjeld (Her skriv du eventuell kunngjeringsdato, anskaffinga si pårekna verdi og kva anskaffinga gjeld)
  • Eventuell dato for kontraktsignering med valde leverandør
  • Kva har du gjort før du fremjar klagen til KOFA (klage til oppdragsgjevar, innsynsbegjæring og liknande)
  • Kva klagar du på (Her må du framsetje konkrete påstandar om brot på anskaffings-regelverket, dvs. i klare fråsegn få fram kva regel du meiner den innklaga har brote ved kva faktisk handling eller unnlating)

Ein påstand ser typisk slik ut:

  • Klagar hevdar at den innklaga har brote forskrifta § 11-11 (1) bokstav e ved ikkje å avvise valde leverandør sitt tilbod som inneheldt eit avvik frå krav-spesifikasjonen sitt krav til at det skulle tilbydast arkivboksar som var 9 cm breie.
  • Klagar hevdar at den innklaga har brote kravet til konkurranse i lova § 5 og forskrifta § 3-1 ved å anskaffe bøker og abonnementsordning på bestilling av bøker samla og uten at det vart åpna opp for å inngje deltilbod.
  • Klagar hevdar at innklaga har brote forskrifta § 21-1 (1) ved å forhandle om pris med valde leverandør.

Dersom du ikkje veit kva konkret regel den innklaga har brote, held det at du berre skriv «regelverket», før du angjev kva handling/unnlating du meiner utgjer eit brot på regelverket.

Dette kan du typisk gjere slik:

  • Klagar førar fram at den innklaga har brote regelverket ved ikkje å opplyse på ein klar og tilgjengeleg måte at det berre var arkitekten, og ikkje dei andre i prosjekterings-gruppa, som var omfatta av kvalifikasjonskravet til tidlegare erfaring.

Ved utforminga av påstandane må du ta med presise tilvisingar til kvar dei relevante opplysingane finst i den vedlagte dokumentasjonen.