Stiftelsesklagenemnda opphevar vedtaket frå Stiftelsestilsynet om avslag på søknad om samanslåing av stiftingar

I vedtak av 27. november 2020 avslo Stiftelsestilsynet søknad om samanslåing av stiftingane Barnas Fritidsstuers Stiftelse og Anette og Ragnar Stoud Platous Stiftelse på bakgrunn av at stiftingane ikkje hadde «i det vesentlige likeartet formål», jf. stiftingslova § 45 andre ledd bokstav b.

I vurderinga la Stiftelsestilsynet vekt på at stiftingane også hadde søkt om samanslåing i 2018. Søknaden blei den gongen avslått, og avslaget blei halde fast av Stiftelsesklagenemnda i sak 2018/206.

Stiftelsesklagenemnda avgjorde klagesaka i vedtak av 23. juni 2021. Klagenemnda var ikkje einig i korleis Stiftelsestilsynet tolka føresegna i stiftelseslova § 45 andre ledd bokstav b.

I behandlinga la Stiftelsesklagenemnda vekt på at begge stiftingane er pengeutdelande stiftingar med sosialt føremål. Opprettarane av stiftingane kom også frå same familie, og stiftingane har i dag delvis samanfallande styremedlemmer. Stiftelsesklagenemnda la til grunn at sjølv om føremålsføresegnene til stiftingane på enkelte punkt ikkje var heilt samanfallande, så var føremålsføresegnene tilstrekkeleg like til at vilkåret i stiftingslova § 45 andre ledd bokstav b var oppfylt.

Stiftelsesklagenemnda kom på bakgrunn av dette fram til eit anna resultat enn i sak 2018/206. Av relevans for grunngivinga til nemnda var avgjerda i sak 2019/653 der nemnda viste til at intensjonen til lovgivaren om å leggje til rette for samanslåing av mindre stiftingar kan tale for at det ikkje bør stillast for strenge krav til når stiftingar som ønskjer å bli slått saman blir rekna for å ha i det «i det vesentlige likeartet formål», jf. stiftingslova § 45 andre ledd bokstav b.

Heile avgjerda finn du her.