Gå til innhold

Kan organisasjonar med direkte eller indirekte tilknyting til Den norske kyrkja få kompensasjon for meirverdiavgiftkostnadar?

Lotterinemnda har i avgjerd av 7. desember 2020 stadfesta at Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet fell utanfor ordninga om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillig organisasjonar som følgje av tilknytinga dei har til Den norske kyrkja.

Det følgjer av forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar § 3 tredje ledd bokstav g at «Den norske kirke, de kirkelige fellesrådene, menighetsrådene, organisasjoner som direkte eller indirekte er tilknyttet slike eller som et av rådene på en annen måte legger føringer for, og virksomhet som ellers kommer disse organene til gode» ikkje blir gjeve meirverdiavgiftskompensasjon. Klagar meinte at tilknytingsvilkåret viser tilbake til organisasjonar knytt til dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda, medan organisasjonar med tilknyting til Den norske kyrkja inngår i kompensasjonsordninga.

Lotterinemnda var ikkje einig med klagar i denne ordlydstolkinga, og meinte at unntaket i forskrifta også ramma organisasjonar med direkte eller indirekte tilknyting til Den norske kyrkja. Slik nemnda såg det, var det i alle høve indirekte tilknyting mellom Sjømannskirken og Den norske kyrkja som følgje av faktiske forhold som klagar sin aktivitet, teologiske grunnlag, organisering og rapportering, og finansiering.

Avgjerda finn du her

Kulturdepartementet sende 6. januar 2021 ut eit høyringsforslag om endring av forskrifta § 3 tredje ledd bokstav g til berre å gjelde Den norske kyrkja, dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda. Med det vurderer departementet å opne for at frivillige organisasjonar med direkte eller indirekte tilknyting til Den norske kyrkja kan få meirverdiavgiftskompensasjon frå 2021. Det er eit vilkår at organisasjonane ikkje inngår i den fylkeskommunale eller kommunale ordninga for meirverdiavgift. Det er også krav om at søkjar må vere registrert i Frivilligregisteret, og at forskrifta sine vilkår elles er oppfylte.

Jan Gunnar Nygård/Pixabay