Saksgangen

Lotterinemnda behandlar klager over vedtak fatta av Lotteritilsynet.

Fristen for å klage er tre veker. Fristen blir rekna frå det tidspunktet då underretninga om vedtaket er kommen fram til deg.

Klaga sendast til underinstansen, dvs. Lotteritilsynet. Lotteritilsynet vil då vurdere saka på nytt. Dersom tilsynet ikkje finn grunn til å gjerne om på vedtaket, vil det sende klaga vidare til Lotterinemnda, normalt saman med ei innstilling eller nærmare grunngjeving for vedtaket frå underinstansen.

Klagenemndssekretariatet tek imot innstillinga frå Lotteritilsynet saman med saksdokumenta på vegner av Lotterinemnda. Når Klagenemndssekretariatet har fått inn ei klage, får klagar tilsendt eit stadfestingsbrev. Brevet gjer samtidig klagar ein frist på 10 yrkedagar til å sende inn eventuelle merknader til Lotteritilsynet si innstilling. Klagenemndssekretariatet vil sende ein kopi av eventuelle merknader til Lotteritilsynet.

Klagesakene blir normalt behandla i kronologisk rekkefølge. Du kan sjå kva saker som er komne inn, og når dei kom inn, her.

Lotterinemnda sine avgjerder byggjer på dei saksdokumenta som nemnda har fått i rimeleg tid før det aktuelle nemndsmøtet. Klagar får den endelege avgjerda når ho ligg føre. Avgjerdene blir òg publiserte her.

Dersom klagar har eit organisasjonsnummer, vil brev og vedtak normalt bli sendt ut via Altinn.

konkurranseklagenemnda