Sivilombodsmannen si avgjerd om Lotterinemnda sin praksis

Føremålet med ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar er å fremme frivillig aktivitet.  I forskrifta blir det stilt vilkår om at frivillig innsats skal vere ein «viktig del» av verksemda. Lotterinemnda har, med grunnlag i føremålsvurderingar, tolka vilkåret som eit krav om at «hovudaktiviteten» i verksemda må vere frivillig innsats. Furuset Sportsanlegg AS fekk ikkje medhald i klaga for Lotterinemnda og bringa saka inn for Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen har ingen rettslege innvendingar mot Lotterinemnda si tolking av vilkåret om frivillig innsats. Ombodsmannen oppsummerer saka slik:

«Klagar – eit aksjeselskap – hadde i fleire år fått avslag på søknadene dei sendte inn om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar. Avslaga frå Lotterinemnda var grunngjeve med at den frivillige innsatsen ikkje var hovudaktiviteten i selskapet.

Klagar meinte at Lotterinemnda tolka forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon §§ 5 og 7 for strengt når dei stilte krav om frivillig innsats som hovudaktivitet. Dei meinte òg at vilkåret vart praktisert strengare for aksjeselskap enn andre søkjarar, for eksempel foreiningar.

Etter ombodsmannen sitt syn er det ikkje rettsleg grunnlag for å forkaste Lotterinemnda si tolking av regelverket. Føremålsvurderingar talar for eit strengt krav til omfanget av den frivillige aktiviteten. Det ligg føre ein konsekvent og fast praksis frå Lotterinemnda si side som støttar ei slik tolking. Sjølv om nemnda sine avgjerder viser ein noko ulik bruk av ord, synest realiteten i vurderingane å vere den same for alle typar søkjarar. Ombodsmannen vil likevel oppmode Kulturdepartementet om å vurdere å endre forskrifta slik at ordlyden i høgare grad samsvarer med korleis vilkåret blir praktisert.»

Heile fråsegna kan lesast her.

Sivilombudsmannen