Er det mogleg å slå saman lisensar til å halde lotteri med ein årleg omsetnad på inntil 300 millionar kroner?

Lotterinemnda har i avgjerd av 2. november 2021 gjort vedtak om å halde fast på avslaget frå Lotteritilsynet på søknad om å slå saman dei to eksisterande lotterilisensane til WWF Verdens Naturfond og SOS-barnebyer Norge Stiftelsen, og Unicef-komiteen i Norge. Kvar av lisensane var avgrensa til ein årleg omsetnad på inntil 300 millionar kroner, og søkjarane ønskte å slå saman lisensane, slik at dei kunne arrangere eit felles lotteri med større omsetnad enn dette.

Slik Lotterinemnda såg det, ville ei samanslåing av lotterilisensane innebere at den årlege omsetningsramma til lotteriet ville bli 600 millionar kroner. Nemnda vurderte det slik at lovgivar har ønskt å avgrense omfanget av kvart enkelt lotteri til ei årleg omsetningsramme på 300 millionar kroner. Lotteritilsynet har høve til å indeksregulere omsetningsramma ein gong i året, men utover det låg det ikkje føre heimel til å auke omsetningsramma for kvart enkelt lotteri.

Lotterinemnda meinte at Kulturdepartementet hadde gjort ei avveging av omsynet til å sikre kanaliseringsevna til Norsk Tipping og førebyggje økonomisk mishald, og å leggje til rette for akseptable rammevilkår for lotteria, og kome til at det ikkje skal vere mogleg å slå saman slike lotterilisensar. Dette gjaldt uavhengig av om det er eitt eller fleire føremål, eller éin eller fleire organisasjonar som står bak lotteriet.

Lotterinemnda konkluderte med at det ikkje låg føre heimel til å innvilge den samanslåinga av lotterilisensane som det blei søkt om.