Forbodet mot betalingsformidling for ulovlege pengespel som ikkje har norsk løyve
Lotteritilsynet gjorde 14. april 2020 to vedtak overfor norske bankar og finansinstitusjonar med pålegg om å avvise betalingstransaksjonar av innskot og utbetaling til og frå utanlandske pengespel på nettet som er knytte til bestemte kontonummer som høyrer til to ulike utanlandske selskap, jf. forskrift 19. februar 2010 om forbud mot betalingsformidling for pengespill som ikke har norsk tillatelse (betalingsformidlingsforskrifta) § 4.
I sak 2020/563 behandla Lotterinemnda merknaden frå klagaren om at vedtaket var i strid med EØS-avtalen artikkel 36 og 40. Lotterinemnda kom til at vedtaket med pålegg om å avvise betalingstransaksjonar til og frå kontonummera til selskap som driv utanlandske pengespel på nettet, var nødvendig for å handheve betalingsformidlingsforskrifta § 4 og halde oppe einerettsmodellen. Lotterinemnda la derfor til grunn at vedtaket var i tråd med EØS-retten.
I sak 2020/562 behandla Lotterinemnda i større grad merknader som var knytte til saksbehandlinga. Lotterinemnda kom mellom anna fram til at det ikkje var ein ugyldigheitsgrunn at klagaren ikkje hadde fått førehandsvarsel, ettersom klagaren gjennom klaga hadde fått høve til å imøtegå grunnlaget for vedtaket.