Forslag til ny lov om pengespel

Kulturdepartementet har i Prop. 2020 L (2020–2021) lagt fram forslag til ny lov om pengespel (pengespellova). Forslaga har som føremål å bidra til dei allmenne omsyna som ligg til grunn for pengespelpolitikken. I proposisjonen er det føreslått å samle dei tre gjeldande lovene for pengespel, som er lotterilova, pengespellova og totalisatorlova, i ei ny lov om pengespel. Samtidig skal heile forvaltningsansvaret av pengespelpolitikken samlast under Kulturdepartementet. I dag er forvaltninga av politikken delt mellom Landbruks- og matdepartementet og Kulturdepartementet. Lotterinemnda skal vere klageinstans for alle enkeltvedtak Lotteritilsynet gjer på pengespelfeltet, til skilnad frå dagens ordning med tre klageinstansar. For å effektivisere saksbehandlinga blir det føreslått at nemnda kan fastsetje at enkelte sakstypar kan avgjerast av nemndleiaren åleine eller av nemndssekretariatet.

Kulturdepartementet har vidare føreslått å styrkje verkemidla til Lotteritilsynet, ved at tilsynet mellom anna kan skrive ut gebyr til den som forsettleg eller aktlaust bryt enkelte føresegner i lovforslaget, dersom brotet er vesentleg eller har skjedd gjentekne gonger. Vidare er det føreslått at einerettsmodellen skal førast vidare. Einerettsmodellen inneber at det er gitt einerett til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto til å tilby enkelte pengespel. Hovudprinsippet om at inntekter frå pengespel skal gå til ikkje-fortenestebaserte føremål, blir ført vidare. Det skal framleis vere krav om løyve for å tilby større lotteri, entreprenørbingo, foreiningsbingo og bingo i lokalradio eller lokalfjernsyn over ei bestemt omsetningsgrense, men det blir føreslått å fjerne krav om melding til Lotteritilsynet for dei minste pengespela (smålotteri).

Lova skal tre i kraft frå det tidspunktet Kongen fastset, og dei tre gjeldande lovene for pengespel blir oppheva frå same tid.

Bilde: DaModernDaVinci/Pixabay