Medieklagenemnda har oppheva Medietilsynets avslag på produksjonstilskot til nettavisa NETT NO for tilskotsåra 2020 og 2021
2022 var eit travelt år for Medieklagenemnda, med fleire store og komplekse saker til behandling. Blant anna brukte nemnda mykje ressursar på tre klagesaker som gjaldt klager Bakkar og Berg Media AS og nettavisa NETT NO.
Medieklagenemnda oppheva like før jul Medietilsynets vedtak i to av tre klagesaker som gjaldt klager Bakkar og Berg Media AS.
Klager søkte om produksjonstilskot for nettavisa NETT NO for åra 2019, 2020 og 2021. Medietilsynet avslo søknadane, med den grunngjeving at NETT NO ikkje oppfylte vilkåra for tilskot i forskrift 25. mars 2014 nr. 332 om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Det var tilsynets vurdering at NETT NO ikkje oppfylte krava til tematisk breidde og sjangerspreiing i innhaldet i forskrifta § 3 første ledd nr. 2, og tilsynet ville heller ikkje gje dispensasjon frå desse vilkåra etter forskrifta § 12.
Medieklagenemnda var einig i tilsynets vurderingar for tilskotsåret 2019, og dette vedtaket vart oppretthalde. Nemnda hadde derimot ei anna vurdering enn tilsynet av søknadene for tilskotsåra 2020 og 2021. Nemnda oppheva derfor vedtaka og sendte sakene tilbake til tilsynet for ny behandling.
Som ledd i behandlinga av søknadane fekk tilsynet gjennomført innhaldsanalysar av eit utval artiklar publisert i NETT NO i 2018, 2019 og 2020. I analysane vart blant anna andelen debattstoff i NETT NO vurdert. NETT NO publiserte i gjennomsnitt ein og ein halv debatt- og kommentarartikkel i uka i 2019 og to artiklar i uka i 2020. Tilsynet vurderte at andelen debattstoff i 2019 var for lav til at kravet om sjangerspreiing var oppfylt, mens kravet vart vurdert oppfylt for innhaldet i 2020. På generelt grunnlag viste tilsynet til at dersom det var færre enn to slike artiklar i uka, var det tvilsamt om kravet var oppfylt. Nemnda meinte at det ikkje var rettsleg grunnlag for å operere med slike terskelverdiar, og at det avgjerande for om kravet er oppfylt vil vere om mediet har ein rimeleg balanse mellom dei tre sjangertypane nyheits-, aktualitets- og debattstoff. I den konkrete vurderinga kom nemnda til at kravet om sjangerspreiing også var oppfylt for innhaldet i 2019, sjå premiss 83 i sak 2021/2181. Nemnda uttalte følgjande:
«(83) Det er nemndas syn at de fremlagte innholdsanalysene indikerer at andelen debatt- og kommentarstoff i NETT NO i 2019 var prosentvis lav, sett i forhold til den totale produksjonen i NETT NO. Den gjennomsnittlige, ukentlige andelen debatt- og kommentarstoff er også noe lav sett i forhold til større papiraviser (Allern, 2001). Opplysningene tilsier imidlertid at omfanget debatt- og kommentarartikler i NETT NO ikke er lavt sammenlignet med andre lokale nettaviser. Innholdsanalysene indikerer videre at NETT NO har en nokså regelmessig publisering av debatt- og kommentarartikler. Nemnda konstaterer også at klager kan vise til en økning i debatt- og kommentarstoffet i 2019.[…]»
I tillegg til sjangerspreiinga vurderte tilsynet den tematiske breidda i innhaldet i NETT NO. Artiklane i innhaldsanalysane vart kategorisert i elleve ulike temakategoriar. I vurderinga av kravet i forskrifta om tematisk breidde i innhaldet oppstilte tilsynet krav til talet på temakategoriar som må vere dekt, og terskelverdiar for kva som er tilstrekkeleg prosentvis dekning av dei ulike kategoriane. Nemnda meinte at ei slik operasjonalisering av vilkåret heller ikkje var i tråd med forskrifta. Nemnda understreka at vilkåra er skjønnsmessige og at det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak, sjå premiss 88-89 i sak 2021/2181 og premiss 56-57 i sak 2022/0786. Nemnda uttalte følgjande:
«[…] Mediets prosentvise dekning i hver av de ulike temakategoriene gir en indikasjon på om det er tilstrekkelig tematisk bredde i dekningen, og er derfor relevant som ett av flere momenter i vurderingen. Det avgjørende for om vilkåret er oppfylt er likevel om det kan dokumenteres en viss helhetlig balanse mellom de ulike stoff- og innholdstypene […] Mediene må også gis et redaksjonelt handlingsrom når det gjelder prioriteringen mellom ulike temakategorier, og det må gis rom for å nedtone enkelte kategorier […]»
I den konkrete vurderinga kom nemnda under noko tvil til at NETT NO i 2019 og 2020 hadde ein viss heilskapleg balanse mellom dei ulike stoff- og innhaldstypane, og dermed oppfylte kravet til breidde i innhaldet. Nemnda vurderte at innhaldsanalysen underbygde at NETT NO inneheldt eit breitt tilbod av stoff frå ulike samfunnsområde, sjølv om NETT NO ikkje dekte alle temakategoriar og hadde ein overvekt av innhald som omhandla næringslivet. Innhaldsanalysen viste at den tematiske breidda i innhaldet hadde auka betydeleg frå 2018 til 2019 og vidare inn i 2020. Ei sentral problemstilling var likevel om NETT NO hadde for stor overvekt av innhald som omhandla næringslivet. I premiss 101 i sak 2021/2181 uttalte nemnda følgjande om problemstillinga:
«Det er ikke tvilsomt at NETT NO har en overvekt av innhold som omhandler næringslivet i vid forstand. Spørsmålet blir da om bestemmelsen i forskriften § 3 første ledd nr. 2 tredje setning om at tilskudd ikke gis til medium som i all hovedsak inneholder stoff om ett eller noen få samfunnsområder, er til hinder for at NETT NO inkluderes i tilskuddsordningen. Nemnda legger for sin vurdering til grunn at et medium kan operere med en klar journalistisk profil uten dermed å falle utenfor tilskuddsordningen. Det vises til nemndas bemerkninger i premiss 90 og 91 ovenfor. Det kan synes som at tilsynet i sin forvaltningspraksis har bygget på en tilsvarende forståelse. I dialogen med tilsynet i forbindelse med klagesaksbehandlingen har det kommet fram at mediet Kyst og Fjord har fått tilskudd under denne tilskuddsordningen siden 2013. Kyst og Fjord omtaler seg på egne nettsider som «en uavhengig nyhetskanal for fiskerinæringen med forankring i nordnorske problemstillinger og virkelighet». Det framheves videre at de «leverer daglige nyheter fra fiskeri- og kystnæringene», at de har en målsetning om å «tilby elektroniske tjenester som er til nytte for yrkesfiskere og folk i kystnæringene», og at de «fanger opp det meste som rører seg og er relevant for fiskerinæringen». HiV har også i sin innholdsanalyse omtalt Kyst og Fjord som en bransjeorientert fiskeriavis. Tilsynet har likevel lagt til grunn at innholdsvilkårene i forskriften § 3, herunder kravet om tematisk bredde, har vært oppfylt for Kyst og Fjord hvert år siden 2013. I lys av denne forvaltningspraksisen kan ikke nemnda se at bestemmelsen i forskriften § 3 første ledd nr. 2 tredje setning er til hinder for at NETT NO inkluderes i tilskuddsordningen.»
Etter det opplyste har Medietilsynet no gjort om vedtaka i tråd med nemndas avgjersler, og Bakkar og Berg Media AS er innvilga produksjonstilskot for tilskotsåra 2020 og 2021.
Du kan lese nemndas avgjersler i sin heilhet her (2019), her (2020) og her (2021).