Gebyr for ulovleg direkte anskaffing av kunstgrasbane

Klagenemnda for offentlige anskaffelser har i vedtak av 13. november 2025 gitt Rødøy kommune eit gebyr på 811 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing av kunstgrasbane.

Kommunen gjennomførte i 2024 ein open tilbodskonkurranse for anskaffing av kunstgrasbane. Prosjektet skulle gjennomførast som totalentreprise, alternativt som delt entreprise der grunnarbeid, lysanlegg og kunstgras utgjorde tre separate entreprisar. Leverandørane kunne gi tilbod på heile eller delar av oppdraget. Kommunen mottok berre tilbod på legging av kunstgras, og klagar vart tildelt kontrakt for denne delen av prosjektet.

Kommunen forsøkte å gjennomføre ein ny konkurranse for grunnarbeid og lysanlegg, men tilbakemeldingar frå interesserte leverandørar var at arbeida ikkje kunne gjennomførast innan budsjettet eller dei fastsette gjennomføringsfristane. Kommunen valte ei rimelegare løysing for oppbygging av kunstgrasdekket, og tok direkte kontakt med tre leverandørar for utføring av kvar av dei tre arbeida. Klagar fekk verken informasjon om at den første konkurransen var avlyst eller om at det var valt ei anna løysing og inngått kontrakt med andre leverandørar.

Klagenemnda kom til at anskaffinga var over EØS-terskelverdi og at anskaffinga dermed var kunngjeringspliktig. Ved fastsetting av storleiken på gebyret, la klagenemnda vekt på at kommunen hadde kunnskap om at andre leverandørar potensielt  kunne vere i stand til å levere tilbod på heile eller delar av  oppdraget med den utsette oppstarten og dei endra løysingane. Klagenemnda la òg vekt på at det gjaldt tenester som ein stor krins av leverandørar er i stand til å tilby. Storleiken på gebyret vart etter dette satt til elleve prosent av verdien på anskaffinga.

Du finn avgjerda her.

Pixabay