Gebyr for ulovleg direkte anskaffing av vintervedlikehaldstenester
Klagenemnda for offentlige anskaffelser har i vedtak av 18. desember 2025 gitt Våler kommune eit gebyr på 861 000 kroner for ulovleg direkte anskaffing av vintervedlikehaldstenester.
Kommunen gjennomførte i 2023 ein open tilbodskonkurranse for anskaffing av vintervedlikehaldstenester de neste fem åra, fordelt på fire roder. Rode tre bestod av 27 kilometer veg og 31 mål plassar. Det kom inn eitt tilbod på denne roden, og leverandøren vart tildelt kontrakt. Då kontrakten skulle signerast vart det tilført ytterlegare 1,4 kilometer med veg og 25 mål med plassar til roden. Dei tilførte områda skulle vere del av roden i heile kontraktsperioden på fem år.
Klagenemnda kom til at endringa var ei vesentleg endring av kontrakten. Klagenemnda la vekt på at ein auke på 45 prosent isolert sett var stor, og på at roden vart utvida samtidig som kontrakten vart inngått. I vurderinga viste klagenemnda til at roden var kunngjort med same mengder som da tenestene sist ble kunngjort i 2016, og at innklaga med rimelege undersøkingar kunne ha avdekka at behovet for vintervedlikehaldstenester var større nå.
Dei tilførte områda låg i tett nærleik til områda som var omfatta av kunngjeringa, men dei var spreidd utover og utan tilknyting mellom seg. På grunn av den geografiske plasseringa til dei tilførte områda, hadde innklaga forklart at det ikkje hadde vore aktuelt med ein eigen konkurranse om desse. At det var ein kvantitativ auke av roden, var da ikkje nok til å gje endringa ein tilstrekkeleg grad av sjølvstende. Klagenemnda kom derfor til at heile kontrakten var ein ulovleg direkte anskaffing.
Ved fastsetting av storleiken på gebyret la klagenemnda til grunn at det korkje var skjerpande eller formildande omstende i saken. Gebyret vart difor satt til 10 prosent av verdien på anskaffinga.