I dag har vi tatt ein prat med Maria om korleis det er å jobbe i Klagenemndssekretariatet, og korleis overgangen frå studiet til arbeidslivet har vert.

Maria fullførte mastergraden sin i rettsvitenskap ved Det juridiske fakultet i Bergen i mai 2023. Ho blei ansatt i Klagenemndssekretariatet (KNSE) rett etter fullført studie, og jobbar som juridisk rådgjevar for Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA). Dette fortel Maria om overgangen frå studiekvardagen til arbeidslivet, og korleis det har vært å starte karriera si i Klagenemndssekretariatet:

 

Kvifor søkte du på stilling som juridisk rådgjevar hos KNSE? 

– Eg søkte meg til KNSE fordi eg hadde inntrykk av at det var ein arbeidsplass der ein verkeleg fekk jobba med jus og fordjupa seg innanfor det fagområdet ein jobba med. I tillegg fekk eg gjennom tilsetjingsprosessen inntrykk av at KNSE var ein arbeidsplass med mange engasjerte og dyktige juristar.

Korleis har overgangen frå studiet til arbeidslivet vert og korleis er det å byrje som nyutdanna i KNSE? 

– Eg synst overgangen frå studiet til arbeidslivet har vert veldig fin. Sjølv om læringskurva har vert bratt har eg fått god oppfølging sidan første dag, men samtidig fått lov å ta ansvar og hoppe ut i nye utfordringar. Det er alltid opne dører, og god moglegheiter for å diskuterere problemstillinga med flinke kollegaer. Eg opplever også at det er eit veldig godt arbeidsmiljø med kjekke og engasjerte folk, og eg har fått delta på ein rekke faglege og sosiale arrangement som har gjort overgangen til arbeidslivet ekstra fin.

Korleis trivast du i KNSE, og kva syns du er det beste med å jobbe her?

– Eg trivast veldig godt i KNSE. Fagleg vil eg seie at noko av det beste med å jobbe her er at ein verkeleg for djupdukka ned i rettsfeltet(a) som ein arbeidar med, i tillegg til at ein får mykje skrivetrening og verkeleg får moglegheit til å bli god på å skrive jus. Elles må eg trekke fram det sosiale miljøet og tilliten ein får som noko av det beste med arbeidsplassen.

Korleis er det å arbeide med klagenemnder, og kva syns du om nemndsarbeid?

– Eg hadde ingen forhold til nemndsarbeid før eg byrja i KNSE, men det har vert veldig lærerikt! Vi arbeider med å utrede og førebu saker som skal opp til behandling i nemndene, og får på den måten satt oss godt inn i juridiske problemstillingar og rettskjelder innanfor dei rettsområda vi arbeidar med. Eg skriv utkast til avgjerder, og sakene vert drøfta med utgangspunkt i dette, før det er nemnda som endeleg avgjer saka. Det er utruleg motiverande og lærerikt å få lytte til og drøfte saker med medlemmane i nemnda som er spesialistar innanfor fagfeltet.

Kva likar du best med å jobbe for KOFA? Kvifor synst du offentlege anskaffingar er spennande?

– Det offentlege kjøper inn varer, tenester og bygge- og anleggsarbeider for om lag 740 milliardar kroner kvart år. Anskaffingsregelverket skal bidra til å fremje effektiv bruk av samfunnet sine ressursar, i tillegg til å ivareta viktige samfunnsomsyn, og motverke arbeidslivskriminalitet og korrupsjon. Som saksbehandlar for KOFA får eg dermed ta del i eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg er det svært lærerikt å få arbeide opp mot spesialistane som sit i nemnda.

– Rettsområdet er også veldig spennande, og spennet i kva som skal kjøpast inn er enormt. Ein må dermed setje seg inn i alt frå operasjonshanskar, til skytjenestar, til store entreprisar. Arbeidskvardagen vert dermed variert, og lærerik. Rettsområdet kan også vere komplisert, og ein får verkeleg moglegheit til å utfordre seg sjølv som jurist.

Kva råd vil du gi nyutdanna juristar som er på veg inn i arbeidslivet? 

– Det må vere å ha tillit til seg sjølv, og vere open for å prøve ulike ting og ta tak i nye utfordringar. Kanskje finnast det moglegheiter du aldri har høyrt om før, men som du kan lære mykje av og som kan opne nye dører. Takk ja til spennande oppgåver, og ikkje ver redd for å diskutere eller stille spørsmål. Det ordna seg!

Avbildet: Maria Farsund Ulltang. C Foto AS