Erstatning for brot på anskaffingsregelverket

(Av Peter Aadland, Seniorrådgiver i Klagenemndssekretariatet (Peter.Aadland@knse.no).

Det følgjer av klagenemndsforskrifta § 12 at klagenemnda ikkje skal uttale seg om dei rettslege konsekvensane av brot på regelverket. Avgjerda frå klagenemnda går utelukkande ut på om oppdragsgivar har brote regelverket eller ikkje.

Dersom nemnda finn grunn til det, kan ho likevel uttale seg om vilkåra for å krevje erstatning ifølgje nemnda er oppfylte, jf. klagenemndsforskrifta § 12 andre ledd siste setning. I klager til KOFA blir nemnda ofte beden om å ta stilling til om vilkåra for å krevje erstatning er oppfylte.

Men dette høvet til å uttale seg om vilkåra for å krevje erstatning tek nemnda som ein klar hovudregel aldri i bruk.

Om klagar, som følgje av oppdragsgivaren sitt brot på regelverket, har krav på erstatning, er eit vanskeleg spørsmål. Rettspraksis frå tida både før og etter Høgsteretts avgjerd i HR-2019-1801-A (Fosenlinjen) viser kor vanskeleg denne vurderinga tidvis kan vere.

Men ei avklaring av om vilkåra er oppfylte, får ein ikkje frå KOFA. Ei slik avklaring må klagar i første omgang be om direkte frå oppdragsgivar, og eventuelt i domstolane.

Bilde: jessica45/Pixabay