Gå til innhold

Moglegheiter for studentar

Fire vekers trainee-opphald i Klagenemndssekretariatet

Engasjementet vil gje deg eit godt inntrykk av kvardagen som jurist i sekretariatet. Du vil jobbe på same måte som sakshandsamarane våre, og få god oppfølging i eit fagleg sterkt miljø. Stillinga vert lønna som konsulent.

Frist for søke: 14. februar 2020.

Skriveplass og masterstipend

Viss du ynskjer å skrive masteroppgåve om offentlege anskaffingar kan du søke stipend på kr. 10 000 frå Klagenemndssekretariatet. I tillegg til økonomisk støtte kan vi tilby kontorplass og fri tilgang til vårt bibliotek. Du vil kunne få rådgjeving til den aktuelle problemstillinga.

Søknad med problemstilling og karakterutskrift, sendast til personal@knse.no innan 15. desember 2019.