Gå til innhold

Saker der same saksforhold allereie har vore gjenstand for domstolsbehandling etter krav om førebels avgjerd

Den siste tida har Klagenemnda for offentlege innkjøp behandla ei rekke saker der same saksforhold tidlegare har vore gjenstand for domstolsbehandling etter krav om førebels avgjerd.

 

Det følger av klagenemndsforskrifta § 6 tredje ledd at «[d]ersom spørsmålet som er gjenstand for klagen, er avgjort ved dom i første instans, kan klagen ikke tas til behandling». Det omstendet at heile eller delar av ei klage allereie har vore behandla av ein domstol som ledd i prøvinga av eit krav om førebels avgjerd, er ikkje til hinder for at nemnda kan behandle saka. Ei slik føregåande behandling av saka i domstolane vil likevel etter omstenda kunne gjere det lite føremålstenleg å ta saka opp til behandling i klagenemnda etter klagenemndsforskrifta § 9. Dei sakene som klagenemnda har behandla den siste tida, viser at nemnda i slike tilfelle i høg grad anten avviser merknadene frå klagar som lite føremålstenlege å ta opp til behandling eller seier seg samd med domstolen i vurderinga.

Eit eksempel på ei slik sak er sak 2017/163 mellom LAB Entreprenør AS og Bergen kommune. Saka hadde allereie vore behandla i tingretten og lagmannsretten etter krav om førebels avgjerd.

I saka som vart ført for klagenemnda, vart merknadene frå klagar dels behandla, dels avviste med grunnlag i at det ville vere lite føremålstenleg å ta dei opp til behandling.  Klagenemnda avviste dei merknadene som gjorde avgjerda av spørsmåla avhengig av bevisspørsmål som ikkje var eigna til skriftleg saksbehandling. Men nemnda tok stilling til korleis tildelingskriteriet «kvalitet» skulle forståast. Når det gjaldt den konkrete evalueringa av kva erfaring prosjektleiaren som var tilbydd av den valde leverandøren, faktisk hadde, vart det likevel vist til at dette allereie hadde vore gjenstand for omfattande vitneføring i både tingretten og lagmannsretten då saka var til behandling etter krav om førebels avgjerd. Denne delen av merknadene vart derfor avvist. Når det gjaldt merknaden om at det var brukt ein ulovleg evalueringsmodell, viste klagenemnda til lagmannsretten si vurdering av spørsmålet og sa seg samd med lagmannsretten om dette.

 

I sak 2017/114 T-2 mellom Prosjekt AS og Omsorgsbygg Oslo KF tok klagenemnda stilling til merknadene frå klagar om at regelverket var brote i evalueringa av priskriteriet og priskriteriet/evalueringsmodellen ulovleg. Merknadene førte ikkje fram. Klagar hadde vidare sett fram merknader om at innklaga hadde brote regelverket på ei rekke punkt i evalueringa av tildelingskriteria «prosjektgjennomføring» og «kompetanseplan».  Klagar hadde utarbeidd ei samanstilling på 47 punkt der klagar sitt tilbod vart samanlikna med det tilbodet som fekk best score på kvart enkelt punkt. Klagenemnda viste til at Borgarting lagmannsrett i saka om førebels avgjerd hadde tatt stilling til alle klagar sine merknader om at evalueringa frå innklaga var i strid med regelverket. Klagenemnda fann det på dette punktet tilstrekkeleg å vise til lagmannsretten si vurdering av merknadene, som nemnda i alt vesentleg kunne seie seg samd i.

 

Andre eksempel på saker der same saksforhold har vore gjenstand for domstolsbehandling etter krav om førebels avgjerd:

  • dei sameinte sakene 2018/30 og 2018/86 mellom Skjervøy Park og Anleggsservice AS og Hofsøy Mekaniske AS og Skjervøy kommune
  • sak 2017/117 mellom Transponder AS og Oslo kommune
dommerhammer og vektskål