Tildeling av masterstipend for våren 2022

Klagenemndssekretariatet har for vårsemesteret 2022 valt å gje eit stipend på 10 000 kroner til Per Christian Steen Fosse. Han er student ved Universitetet i Oslo og skal skrive masteroppgåve om offentlege innkjøp.

«Dette var veldig stas», braut Per Christian ut då han fekk høyre nyheita. Han fortalde at han allereie er motivert for masteroppgåva, og at tildelinga naturlegvis gjev ei ekstra drivkraft når han skal ta fatt på arbeidet. «Eg er både spent og gler meg til å kome i gang», seier han.

«Etter at eg tok valemnet offentlege innkjøp i haust, fekk eg lyst til å skrive masteroppgåve innanfor emnet», fortel han. «Det var spennande å lære om eit fagfelt som er knytt både til kontraktretten og til det offentlegrettslege.»

Problemstillinga i oppgåva vil vere knytt til læra om vesentlege endringar ved mishald frå leverandøren. Per Christian har tidlegare teke valemnet tilverkingskontraktar (dynamisk kontraktrett), der endring er eit tema. Då han lærte at endringar i kontraktperioden også er eit tema i innkjøpsretten, fatta han interesse for spørsmålet og tenkte at dette var noko han ville undersøkje nærare.

Sekretariatet håpar å inkludere Per Christian i delar av fagopplegget vårt det neste halvåret, og vi ser fram til å bli kjend med han.

Vi ønskjer Per Christian lykke til med oppgåva!

Sidan sekretariatet har valt å dele ut eitt stipend for vårsemesteret 2022, har vi framleis eit stipend tilgjengeleg. Vi oppmodar aktuelle kandidatar om å sende inn ein søknad før 15. januar.

tastatur