Ulovlege direkte innkjøp

Nokre gonger unnlèt offentlege oppdragsgjevarar å kunngjere innkjøp av varer og tenester. KOFA opplever no ein stor auke i nye klagesaker om brot på kunngjeringsplikta, såkalla ulovlege direkte innkjøp. Her får du ei kort innføring og svar på dei vanlegaste spørsmåla om klager på ulovlege direkte innkjøp.

Spørsmål: Kven kan klage på ulovlege direkte innkjøp?

Svar: Alle som vil, kan klage på eit ulovleg direkte innkjøp. Du treng altså ikkje vere ein potensiell leverandør for å klage. KOFA har døme på klager frå journalistar, politikarar, medlemmer i interesseorganisasjonar og andre.

Spørsmål: Kva kostar det å klage?

Svar: For at vi skal kome dei ulovlege direkte innkjøpa til livs, er klagegebyret i desse sakene lågare enn i andre saker: Ei klage med påstand om ulovleg direkte innkjøp kostar 1000 kroner. Fører saka fram, blir dette klagegebyret betalt tilbake.

Spørsmål: Eg fekk nettopp vite om det ulovlege direkte innkjøpet sjølv om kontrakten blei inngått for lenge sidan. Er det for seint å klage?

Svar: Sidan dei ulovlege direkte innkjøpa kan vere vanskelege å oppdage før det har gått noko tid, er også fristen for å ta saka inn lengre enn i dei rådgjevande sakene – der klagefristen er 6 månader frå kontrakten blei inngått, eller 6 månader etter at oppdragsgjevaren avlyste konkurransen. Ein kan ved ulovlege direkte innkjøp setje fram klager i opptil to år frå kontrakten er inngått.

Spørsmål: Kva er forventa av meg dersom eg klagar inn eit ulovleg direkte innkjøp?

Svar: Som for alle saker som blir tekne inn for klagenemnda, er meininga at klagaren skal kunne klare seg utan hjelp frå advokat. Krava til sjølve klaga er ikkje store. Som eit saksførebuande organ krev vi i Klagenemndssekretariatet at du gjer det klart nok kva for faktiske handlingar frå oppdragsgjevaren si side som gjer at det er snakk om eit ulovleg direkte innkjøp. Dersom det er krav om at saka blir opplyst betre, vil vi ta kontakt med den som er klaga inn, og be om meir informasjon.

Spørsmål: Kvifor kan ikkje KOFA behandle saker som har kome fram i media, sjølv om det ikkje har kome ei klage?

Svar: For å ta stilling til om oppdragsgjevaren har gjort eit ulovleg direkte innkjøp, er vi avhengige av å få ei klage. Klagenemnda har ikkje tilsynsmynde og kan derfor ikkje ta opp ei sak på eige initiativ, til dømes når vi ser at slike saker kjem opp i media.

For å behandle ei sak om ulovleg direkte innkjøp er vi dermed avhengige av at det finst klagarar der ute som torer å stå fram med fullt namn på nettsidene våre.

Meir informasjon om korleis ein går fram for å levere klage finn du på www.klagenemndssekretariatet.no/klagenemda-for-offentlige-anskaffelser-kofa/levere-klage.