Båtforeiningane får ikkje meirverdiavgiftskompensasjon for kostnader som er knytte til å eige og drifte båt

Lotterinemnda har i år behandla ei rekkje saker der båtforeiningar har fått avslag på søknad om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar.

Det følgjer av forskrifta § 3 tredje ledd bokstav d at det ikkje blir gitt kompensasjon til verksemder som «gir privatøkonomiske fordeler eller dekker det som normalt anses for å være kostnader av privat karakter».

I lys av ordlyden i forskrifta § 3 bokstav d og fråsegner i høyringsnotatet om forskrifta meinte Lotterinemnda at dei aktuelle båtforeiningane sine kostnader til vedlikehald av båtplassar, utstyr og anlegg for reparasjon, og vår- og vinterutsett av båtane til medlemmene er kostnader som normalt blir rekna for å vere av privat karakter, slik at dei ikkje gir grunnlag for meirverdiavgiftskompensasjon. At kostnadene kunne gi visse positive ringverknader for andre enn medlemmene av organisasjonen, til dømes vedlikehald av hamneområdet, endra ikkje på vurderinga om at dei nemnde kostnadene er av privat karakter.

Lotterinemnda kom i det store fleirtalet av sakene til at dei aktuelle båtforeiningane ikkje hadde gjort ei tilstrekkeleg avgrensing gjennom organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer for kostnader av privat karakter, og at båtforeiningane etter ei totalvurdering kunne få avslag på søknaden, jf. forskrifta § 5 niande ledd tredje punktum.

Sjå til dømes avgjerda til Lotterinemnda i sak 2021/292.

Bilde: v-a-n-3-ss-a/Pixabay