Kva er kvalitet?

(Av Peter Aadland, Seniorrådgiver i Klagenemndssekretariatet (Peter.Aadland@knse.no).

Det følgjer av anskaffingsforskrifta at oppdragsgivar skal velje tilbod på grunnlag av anten pris, kostnad eller det beste forholdet mellom pris/kostnad og kvalitet. Eit fleirtal av oppdragsgivarar vel det siste. I tillegg til pris blir kvalitet i ein eller annan variant jamleg brukt som tildelingskriterium.

Men av grunngivinga for valet av leverandør er det ikkje alltid heilt enkelt å forstå kva for kvalitet oppdragsgivar faktisk verdset. Klagenemnda har derfor i ei rekkje saker konstatert brot på grunngivingsplikta eller kravet om mogelegheit til etterprøving i anskaffingslova § 4, fordi oppdragsgivar ikkje har gjort greie for kva konkrete eigenskapar ved det vinnande tilbodet som førte til at det blei vurdert som betre eller like godt som dei forbigåtte tilboda, jf. seinast i sak 2020/204.

I sak 2020/297 og 2020/295 går klagenemnda lenger.

Tildelingskriteria var i begge tilfelle pris og kvalitet. I sak 2020/297, som gjaldt kjøp av ei avhendingsordning for brukt IT-utstyr, hadde oppdragsgivar presisert at dei ville leggje vekt på leverandørane si «[b]eskrivelse av hele verdikjeden fra henting av utstyret hos kunde til salg og avhending». I sak 2020/295, som gjaldt etablering av bustader i eit tidlegare sjukeheimsbygg, ville ein på tilsvarande måte leggje vekt på leverandørane si «[b]eskriving av tilbodne bustader».

Det som var avgjerande for at den valde leverandøren sitt tilbod blei vurdert som betre enn dei andre tilboda, var i begge sakene at leverandøren gav ei betre beskriving. Men beskrivinga, uttaler klagenemnda, er ikkje ein eigenskap ved ytinga. Slik nemnda såg det, hadde oppdragsgivar derfor i begge tilfelle gått utanfor dei rettslege rammene for skjønnsutøvinga ved evalueringa av tilboda.

I sak 2020/297 blir dette uttrykt slik:

«[…] Klagenemnda forstår det […] slik at innklagede har vektlagt hvor gode beskrivelsene er isolert sett, og ikke som beskrivelser av egenskaper ved den tjenesten som tilbys. Innklagede har med dette vektlagt forhold i strid med kravet til forutberegnelighet, samt forhold som ikke lovlig kan vektlegges da det ikke sier noe om egenskapene ved tjenesten som skal leveres» (2020/297, avsnitt 36).

I sak 2020/295 skriv nemnda på tilsvarande måte at:

«I forbindelse med behandlingen av saken for klagenemnda er det vist til at valgte leverandør leverte en «grundig og god beskriving av den leveransen dei ville tilby. Dei har levert eigne leveransebeskrivingar for både personalbasen, omsorgsbustadane, og leilegheitene.» Det er videre vist til at valgte leverandør samlet sett har levert «ei meir omfattande beskriving enn kva Allbygg har». Det er altså kun vist at innklagede har vektlagt hvor gode besvarelsene er isolert sett, og ikke egenskapene ved leveransen som tilbys» (2020/295, avsnitt 45).

Bilde: Tumisu/Pixabay