Mal for klage
Fra og med 02. september 2024 kan man benytte seg av et klageskjema for klager til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Dette skjemaet brukes for å sende inn en fullverdig klage til KOFA, og henter også inn fakturainformasjon. Klikk på «Sende klage» for å bruke det nye skjemaet. Dersom du velger å benytte deg av det nye skjemaet, vil det ikke lenger være nødvendig å benytte seg av malen under. Malen er likevel tilgjengelig for bruk dersom man ønsker å benytte seg av den som vedlegg i klageskjema, eller som vedlegg i ordinær innsending av klage per e-post til post@knse.no.
KOFA treng ein skriftleg klage for å starte sakshandsaminga.
Bruk gjerne denne malen for å sikre at du får med all naudsynt informasjon:
- Mal for klage (bokmål) (docx – Microsoft Word-format)
- Mal for klage (bokmål) (odt – åpent filformat)
- Mal for klage (nynorsk) (docx – Microsoft Word-format)
- Mal for klage (nynorsk) (odt – åpent filformat)
Klagen må innehalde følgjande informasjon:
- Namn, adresse, tlf. nr. og e-post til klagar (og eventuell partsrepresentant)
- Namn, adresse, tlf. nr. og e-post til innklagede (og eventuell partsrepresentant)
- Namn på valde leverandør
- Namn på andre leverandørar som deltok i konkurransen
- Kort om anskaffinga klaga gjeld (Her skriv du eventuell kunngjeringsdato, anskaffinga si pårekna verdi og kva anskaffinga gjeld)
- Eventuell dato for kontraktsignering med valde leverandør
- Kva har du gjort før du fremjar klagen til KOFA (klage til oppdragsgjevar, innsynsbegjæring og liknande)
- Kva klagar du på (Her må du framsetje konkrete påstandar om brot på anskaffings-regelverket, dvs. i klare fråsegn få fram kva regel du meiner den innklaga har brote ved kva faktisk handling eller unnlating)
Ein påstand ser typisk slik ut:
- Klagar hevdar at den innklaga har brote forskrifta § 11-11 (1) bokstav e ved ikkje å avvise valde leverandør sitt tilbod som inneheldt eit avvik frå krav-spesifikasjonen sitt krav til at det skulle tilbydast arkivboksar som var 9 cm breie.
- Klagar hevdar at den innklaga har brote kravet til konkurranse i lova § 5 og forskrifta § 3-1 ved å anskaffe bøker og abonnementsordning på bestilling av bøker samla og uten at det vart åpna opp for å inngje deltilbod.
- Klagar hevdar at innklaga har brote forskrifta § 21-1 (1) ved å forhandle om pris med valde leverandør.
Dersom du ikkje veit kva konkret regel den innklaga har brote, held det at du berre skriv «regelverket», før du angjev kva handling/unnlating du meiner utgjer eit brot på regelverket.
Dette kan du typisk gjere slik:
- Klagar førar fram at den innklaga har brote regelverket ved ikkje å opplyse på ein klar og tilgjengeleg måte at det berre var arkitekten, og ikkje dei andre i prosjekterings-gruppa, som var omfatta av kvalifikasjonskravet til tidlegare erfaring.
Ved utforminga av påstandane må du ta med presise tilvisingar til kvar dei relevante opplysingane finst i den vedlagte dokumentasjonen.