Monetære evalueringsmodellar

(Av Carl Henrik Andersson og Peter Aadland i Klagenemndssekretariatet).

Det følgjer av anskaffingsforskrifta at oppdragsgivar skal velje tilbod på grunnlag av anten pris, kostnad eller det beste forholdet mellom pris/kostnad og kvalitet. I det sistnemnde tilfellet må oppdragsgivar også ha tenkt gjennom korleis pris og kvalitet skal samanliknast. Kor mykje er ein villig til å betale for eventuelle kvalitetsforbetringar?

Korleis oppdragsgivar går fram for å samanlikne pris og kvalitet, blir ofte kalla for ein evalueringsmodell eller evalueringsmetode. Dei mest populære modellane er dei relative poengmodellane, men slike modellar har sine svakheiter. Fleire vil av den grunn meine at dei relative modellane «bør brukes med forsiktighet». Ein annan – og kanskje betre – måte å evaluere tilboda på, som blir anbefalt i økonomisk teori, er å bruke pris som samanlikningsgrunnlag i staden for poeng.

I to saker som nyleg er behandla av Klagenemnda for offentlege anskaffingar, tek nemnda stilling til oppdragsgivar sin bruk av to slike monetære evalueringsmodellar.

Ein monetær evalueringsmodell inneber kort sagt at tilbodsprisen blir justert opp eller ned som følgje av kvalitative styrkar og svakheiter ved tilboda. Tilbodet med den lågaste justerte evalueringsprisen vinn konkurransen.

I sak 2019/589 hadde oppdragsgivar gjort nettopp dette. Det gjekk fram av konkurransegrunnlaget at kontrakten ville bli tildelt leverandøren med lågast konkurransesum. Konkurransesummen var summen av den prisen som var tilboden, minus dei beløpa som eventuelt blei trekte frå ved vurderinga av dei to kvalitative kriteria.

Denne evalueringsmodellen var ifølgje klagar ikkje eigna til å identifisere tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet.

Dette var ikkje klagenemnda samd i. Ifølgje nemnda blir oppdragsgivar med ein modell som denne – der oppdragsgivar prisar leverandørane si oppfylling av dei kvalitative tildelingskriteria – tvert imot «bevisst sin egen betalingsvillighet» (avsnitt 57). Modellen var vidare verken mindre føreseieleg eller vanskelegare å etterprøve enn andre (meir utbreidde) modellar. Påstanden frå klagar om ulovleg evalueringsmodell førte derfor ikkje fram.

I sak 2019/742 ville leverandørane si utteljing på dei kvalitative kriteria på tilsvarande måte bli tildelt ein kroneverdi, som deretter ville bli trekt frå tilbodsprisen. Totalt var det mogeleg å oppnå eit fråtrekk på 90 millionar kroner. Evalueringsmodellen var ifølgje klagar uklart angitt i konkurransegrunnlaget.

Dette var ikkje klagenemnda samd i. Evalueringsmodellen som blei brukt, gav ifølgje nemnda potensielle tilbydarar høve til å vite «hvordan hvert enkelt evalueringskrav var verdsatt», og til å få ei viss oppfatning om berekna sluttsum på eige tilbod (avsnitt 42). Som framheva av nemnda i sak 2019/589 blir oppdragsgivar også «bevisst sin egen betalingsvillighet» (avsnitt 41). Påstanden frå klagar om at evalueringsmodellen var ulovleg, førte dermed ikkje fram.

Bilde: Peggy_Marco/Pixabay