Sakleg grunn til avlysing?

(Av Henriette Steien og Peter Aadland i Klagenemndssekretariatet).

Klagenemnda har i seks nyleg avgjorde saker behandla spørsmål om det ligg føre sakleg grunn til å avlyse konkurransen.

I ei av desse sakene var klagenemnda samd med den innklaga i at den innklaga hadde sakleg grunn til å avlyse konkurransen. I dei andre sakene kom klagenemnda til at den innklaga ikkje hadde sakleg grunn til avlysing, anten fordi det ikkje var påvist at feilen hadde påverka deltakarinteressa eller utfallet av konkurransen, eller fordi klagenemnda meinte at feilen kunne ha blitt retta på andre måtar enn ved avlysing. Det blir gjennomgåande stilt større krav til grunngivinga jo lenger oppdragsgivar har komme i anskaffingsprosessen.

I sak 2019/329 tok klagenemnda stilling til om manglande konkurranse utgjorde sakleg grunn til avlysing. Saka gjaldt anskaffing av bussdrift. Etter tildeling kom den innklaga fram til at tilbodet frå den valde leverandøren måtte avvisast. Den innklaga stod då igjen med eitt tilbod: klagaren sitt. Klagenemnda kom til at den innklaga hadde sakleg grunn til å avlyse konkurransen. I denne vurderinga la nemnda vekt på at tilbodet frå klagaren – som var det einaste attverande – var det dårlegaste tilbodet av dei to, og at det dermed var forretningsmessige grunnar til å avlyse konkurransen og lyse han ut på nytt.

I dei neste tre sakene, 2020/116, 2020/525 og 2020/678, tok klagenemnda stilling til om påståtte feil i konkurransegrunnlaget eller tildelingsevalueringa gav sakleg grunn til avlysing. I alle tre sakene kom klagenemnda til at det ikkje var sannsynleggjort at feilen hadde hatt innverknad på deltakarinteressa eller utfallet av konkurransen.

I sak 2020/116, som gjaldt ein rammeavtale om slamtømmingstenester, viste den innklaga nærmare bestemt til at konkurransegrunnlaget og kunngjeringa inneheldt motstridande opplysningar om eventuelle forhandlingar. Denne motstriden, uttalte klagenemnda, kunne ikkje ha påverka verken utfallet av eller interessa for å delta i konkurransen. Slik klagenemnda såg det, låg det heller ikkje føre ei reell usikkerheit om dette. Vilkåret om sakleg grunn til avlysing var derfor ikkje oppfylt.

I sak 2020/525 hadde den innklaga gjennomført ein konkurranse for anskaffing av uttakssentralar til operasjonsrom. Konkurransen blei avlyst som følgje av ei klage med påstand om at den innklaga hadde gjort ein feil under evalueringa av tildelingskriteriet totalkostnad, og at det låg føre uklarleikar i konkurransegrunnlaget knytt til evalueringsmodellen. Klagenemnda kom til at det ikkje var godtgjort at evalueringsmodellen var uklar, eller at denne eventuelle feilen berre kunne rettast ved avlysing. Den innklaga hadde derfor ikkje sakleg grunn til å avlyse konkurransen.

Sak 2020/678 gjaldt anskaffing av medisinsk utstyr. Etter tildeling av kontrakt avlyste den innklaga konkurransen. Avlysinga blei gjort på bakgrunn av ei oppfatning om at prisevalueringsmodellen var ulovleg. Dette medførte ifølgje den innklaga at dei hadde plikt til å avlyse konkurransen. Klagenemnda fann på si side at prisevalueringsmodellen var lovleg. Den innklaga hadde ikkje vist til andre grunnar til å avlyse konkurransen. Klagenemnda kom dermed til at den innklaga ikkje hadde gitt ein sakleg grunn til å avlyse konkurransen.

Sakene 2020/364 og 2020/723 gjeld også spørsmålet om ein feil i konkurransegrunnlaget kan utgjere ein sakleg grunn til avlysing. Feilen bestod i dei to sakene av at den innklaga ikkje hadde teke med høvesvis materialkostnader og serviceavtalar i konkurransegrunnlaget, sjølv om ein opphavleg hadde ønskt å inkludere dette i anskaffinga. I begge sakene blei konkurransen avlyst etter at kontrakten var tildelt.

På dette tidspunktet, påpeiker klagenemnda, er terskelen for sakleg grunn til avlysing høgare. Dei påståtte manglane i konkurransegrunnlaget var forhold som den innklaga både kunne og burde ha teke stilling til før konkurransen blei kunngjord, og seinast før kontrakten blei tildelt. Konkurransegrunnlaget hindra heller ikkje den innklaga i å anskaffe dei utelatne varene eller tenestene via andre kunngjorde kontraktar. Den innklaga hadde dermed ikkje sakleg grunn til å avlyse konkurransen.