Avgrensingar i sidetal skapar hovudbry

(Av Jannike Fredin og Peter Aadland i Klagenemndssekretariatet).

Klagenemnda for offentlege anskaffingar har det siste året sett eit aukande tal saker om sidetalsavgrensingar.

Oppdragsgivarar stiller gjerne krav om avgrensing i sidetal for å gjere det enklare å gjennomgå og samanlikne tilboda. Ved å ikkje ta omsyn til avgrensinga kan leverandørar få større mogelegheit til å synleggjere meirverdi. Dette kan føre til at dei får ein konkurransefordel som gjer det vanskelegare å samanlikne tilboda. For å overhalde krava til likebehandling og føreseielegheit i anskaffingslova § 4 må oppdragsgivar derfor handtere eventuelle overskridingar av sidetalsavgrensinga på ein forsvarleg måte. Som det går fram av ein fersk Anbud365-artikkel om temaet, er det elles tilrådd at oppdragsgivar gir føringar for skriftstorleik, skrifttype, linjeavstand og marg. Dette for å redusere risikoen for kreative løysingar hos leverandørane, noko som gjer det vanskelegare å samanlikne tilboda.

Korleis ein skal handtere brot på bestemmingane om sidetalsavgrensing i konkurransegrunnlaget, er ei vurdering som oppdragsgivar må gjere, men det krevst altså at framgangsmåten ligg innanfor rammene av § 4 i lova. I verste fall risikerer leverandørane at tilbodet blir avvist, eller at oppdragsgivar berre evaluerer delar av tilbodet.

Eit eksempel på at oppdragsgivar, etter klagenemnda si oppfatning, ikkje hadde handtert den aktuelle overskridinga på ein forsvarleg måte, finn vi i sak 2020/380. I denne konkurransen var det stilt krav om at løysingsbeskrivinga til tilbydarane skulle vere på «maksimum tre A4-sider». Når klagar, i mappa som inneheldt «leverandørens løsningsforslag», leverte eit skriv på seks A4-sider, vurderte den innklaga det derfor slik at klagar hadde brote sidetalsavgrensinga. For denne overskridinga på tre sider blei klagar trekt 20 poeng.

Dette poengtrekket var ifølgje klagenemnda ikkje i samsvar med dei grunnleggjande krava til likebehandling og føreseielegheit. Poengtrekk for overskriding av ei sidetalsavgrensing, seier nemnda, føreset at oppdragsgivar har gjort seg opp «en begrunnet oppfatning av om overskridelsen faktisk innebærer en potensiell konkurransefordel» (avsnitt 26). Det var ikkje spor av at den innklaga hadde gjort ei slik vurdering, som ifølgje nemnda ville ha vist at klagaren sitt løysingsforslag reelt sett låg innanfor grensa på tre A4-sider.

I sak 2020/410 inneheldt konkurransegrunnlaget på tilsvarande måte ei bestemming om at leverandørane si oppdragsforståing skulle vere på «maksimalt én side». Tilbodet frå den valde leverandøren var på totalt 17 A4-sider, og det var delt inn i ei rekkje overskrifter og underoverskrifter. Men ifølgje den innklaga var det berre éi av sidene som inneheldt leverandøren si oppdragsforståing.

Dette var ikkje klagenemnda samd i. Slik nemnda vurderte det, var det fleire av opplysningane frå fleire av dei 17 sidene som reelt sett inneheldt oppdragsforståinga til den valde leverandøren. Av tildelingsbrevet gjekk det også fram at oppdragsgivar, ved evalueringa av oppdragsforståinga til den valde leverandøren, hadde teke omsyn til andre delar av tilbodet. På bakgrunn av dette fann klagenemnda at den innklaga hadde brote dei generelle krava til likebehandling og føreseielegheit i § 4 i lova ved å ikkje handheve
sidetalsavgrensinga.

Andre saker om sidetalsavgrensingar frå det siste året er sak 2019/30 og sak 2019/199.

Bilde: Jerzy Górecki/Pixabay