Utvalgte saker

Dato Saknr. Tittel Beskrivelse
14.04.2021 2021/0650
04.01.2021 2020/0990
18.09.2020 2020/685
17.01.2020 2020/63
21.11.2018 2017/336 Stiftelsesklagenemnda avgjer honorarnedsettingssak Medlemmane av styret for ein stiftelse klaga over Stiftelsestilsynet sitt vedtak om å nedsette styregodtgjeringa til alle styremedlemmar. Stiftelsestilsynet sitt vedtak var grunngjeve med at styregodtgjeringane for 2015 og 2016 hadde vore urimeleg høge. Med heimel i stiftelseslova § 40 første ledd andre punktum nedsette Stiftelsestilsynet godtgjeringane til alle styremedlemmar med 40 prosent. Stiftelsesklagenemnda heldt Stiftelsestilsynet sitt vedtak ved lag.
21.11.2018 2017/335 Styreavsettingssak – Stiftelsen Ordet Saka gjaldt avsetting av styreleiar og dei to øvrige medlemmane av styret for ein stiftelse i medhald av stiftelseslova § 29 andre ledd. Stiftelsestilsynet sitt vedtak var grunngjeve med at styret gjennom sine handlingar og unnlatingar i vesentleg grad hadde sett sine plikter til side etter stiftelseslova § 18 om forvaltning av stiftelsen sin kapital, § 21 om å halde stiftelsen sine eigedelar åtskild frå andre eigedelar og § 30 om styret sitt ansvar for at formuesforvaltinga er gjenstand for forsvarleg kontroll. Stiftelsestilsynet hadde vurdert det til at styreleiar og styremedlemmane også klart hadde vist seg ueigna til å ha verva. Stiftelsesklagenemnda heldt Stiftelsestilsynet sitt vedtak ved lag på same grunnlag.
21.11.2018 2017/296 Oppheving av vedtak om avsetting av styret for stiftelsen Romanifolkets/taternes kulturfond Stiftelsesklagenemnda oppheva Stiftelsestilsynet sitt vedtak om å avsette tre medlemmar av styret for stiftelsen Romanifolkets/taternes kulturfond då nemnda ikkje fann at vilkåret om ei vesentleg tilsidesetting av plikter i stiftelseslova § 29 andre ledd var oppfylt for dei tre styremedlemmane.
20.11.2018 2017/278